Kostbar konsert utseld på timar

Vamp kjem til Stongfjorden og held intimkonsert. Det vil folk ha med seg, sjølv om billetten kostar 1600 kroner. Biletet er frå ein konsert i Askvoll i 2006, og Vamp har skifta vokalist i etterkant.

Vamp kjem til Stongfjorden og held intimkonsert. Det vil folk ha med seg, sjølv om billetten kostar 1600 kroner. Biletet er frå ein konsert i Askvoll i 2006, og Vamp har skifta vokalist i etterkant. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Arrangøren: - Folk vart ganske overraska.

DEL

Intimkonsert med Vamp og Eivør Palsdottir - det er folk villige til å betale 1600 kroner per billett for.

På laurdag annonserte Hønsehagen Vinkjeller i Stongfjorden konsertane, to i tal, i Firda. Klokka 09.30 same dag var alle 72 billettar borte vekk.

Ringjer framleis

- Nei, eg er ikkje overraska. Det vert ei unik oppleving å kunne sitje så nært artistane, samanlikna med ein vanleg konsert, seier arrangør Synne L. Alsaker.

Ho seier at folk som ringde etter 09.30 laurdag og ville ha billett, vart ganske sjokka då dei vart fortalt at det ikkje var fleire billettar att.

- Folk ser på prisen, så går dei litt i tenkjeboksen og reknar med at billettane ikkje blir borte så raskt. Der tok dei feil. Det er ikkje kjekt å avvise folk, seier Alsaker.

- Folk ringjer framleis etter billettar, seier ho.

Men det er berre plass til 36 per konsert. Ifølgje annonsen, skal konsertane bli filma, men Alsaker ønskjer førebels ikkje å gå inn på dette.

Fleire konsertar

I tillegg til musikken, får gjestene tre rettars julemiddag. Konsertane blir på datoane 2. og 3. desember.

- Når ein ser alt under eitt, er ikkje 1600 kroner så gale likevel. Går eit par ut og et ein betre middag i Bergen, gjerne med ei god flaske vin til, blir prisen fort 2500-3000 kroner, seier Alsaker.

Om det er noko stor marknad for intimkonsertar i Sunnfjord, er Alsaker usikker på.

- Det er viktig å skilje seg ut. Dersom alle skulle gjere det same, så blir det litt som å grave si eiga grav, meiner ho.

- Gir det meirsmak å arrangere fleire intimkonsertar?

- Det blir fleire ja, men ikkje meir enn fem til seks konsertar per år, seier Alsaker.

Mest av alt er Alsaker oppteken av at det skal skje noko i distriktet. Å gå med stort overskot er ikkje målet. Det dei eventuelt går i pluss med, går gjerne til å vise artistane rundt i området, og på den måten marknadsføre vinkjellaren.

Artikkeltags