-No er det mindre knott på tusenårsstaden enn på dei fleste andre plassar på Vestlandet. Det er vi veldig godt nøgde med, seier prosjektleiar for tusenårsstaden Gulatinget, Anne-Karin Misje.


- Ikkje lenger til sjenanse


I helga hadde 4H leir i området, og over 250 born- og unge frå heile fylket var samla. Etter tilbakemeldingane å døme var knottplaga derimot ikkje særleg påtrengjande.

- Knotten var ikkje til sjenanse. Det var fantastiske forhold i helga, og det var ikkje meir knott enn det er heime hos folk, seier leirsjef Kåre Haveland til Firda.


Dødeleg lukt

Eit 15-tals knottfeller vart i fjor sett opp rundt på tusenårsstaden til ein kostnad på rundt 100 000 kroner. Ved hjelp av brennande propangass og eit luktmiddel blir knotten lokka i fella, og på dei siste seks vekene har utstyret teke knekken på over ein million knott.

- Og det var før høgsesongen sette inn for fullt, seier Misje.

Drifta av knottfangarane kostar rundt 40 000 skattekroner i året, pluss arbeidet med å skifte ut gassbehaldarar og knottnett, men Misje meiner utstyret er vel verdt pengane.