Kjartan Slettemark er død

Foto:

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

Kunstnaren Kjartan Slettemark sovna inn laurdag morgon, 76 år gammal.

DEL

Slettemark har vore sjuk i haust, og han døydde på eit sjukehus i Stockholm, byen der han budde storparten av sitt vaksne liv. Han var fødd i Naustdal 6. august 1932, og i fjor sommar var det stor feiring av 75 årsdagen i heimbygda. Då vart også skulpturen ”Budeia” avduka på friluftsområdet Sanden. Dette var siste gong han var i Naustdal.

Lengre tids sjukeleie

Britt Slettemark, som Kjartan var onkel til, fortel at Kjartan siste tida har hatt alvorleg hjartesvikt, og han har gått inn og ut av sjukehuset. Difor var ikkje dødsbodskapen heilt uventa for familien. Han ønskte helst å vere heime, men han har fått svært godt stell på sjukehuset.

Fekk blomster frå Naustdal

Siste veka han levde, fekk Slettemark blomsterhelsing på sjukehuset frå Naustdal kommune. Britt Slettemark fortel at helsinga kom fram og at onkelen sette stor pris på den. Han fekk også besøk av slektningar frå Norge.

Kontroversiell og omtykt

Slettemark var i ein periode av mange sett på som ein kontroversiell kunstnar, som utfordra og provoserte det etablerte. Mest kjend frå denne tida er det såkalla Vietnam-biletet ”Barn overskylles av brennende napalm”, som vart knust framfor Stortinget. Han gjekk nye vegar og prøvde ut nye teknikkar, og han markerte seg som performance-kunstnar.

Budeiene i Naustdal

I 1994 heldt han separatutstilling på det gamle meieriet i heimbygda, og det var starten på ein periode med fleire utstillingar og mange besøk i Sunnfjord. Kjartan var særleg glad i dei flotte budeiene som han minnast frå barndommens stølar i Naustedalen.

Artikkeltags