Katrine Sele fekk den første Sivleprisen

Foto:

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

Firda-journalisten Katrine Sele vart heidra med den første Sivleprisen for framifrå nynorsk.

DEL

For første gong vart i går Sivleprisen utdelt av Sivle-laget etter 1. mai markeringa i Førde.

Snakkar austlandsk - skriv nynorsk

– Den første som får prisen, er her ikkje i dag. Den som får prisen, er Katrine Sele, opplyser Fridtjov Urdal oppglødd. Når Sivle-laget delte ut den første Sivleprisen, var det på førehand lagt vekt på godt bladmannsmål.

– Ho har snakka bokmål all sin dag, men skriv nynorsk betre enn dei fleste, fortel Urdal om språkbruken til Sele som sikra henne prisen.

– Dette er ei påminning om at det å bruke språk ikkje berre er ein naturleg ting. Det er eit spørsmål om vilje til form og vilje til kultur, forklarer Urdal om bakgrunnen til at nettopp Sele får den første Sivleprisen.

Sivletre i nynorskens skog

Etter at prisutdelinga, vart det grave ned eit tre til minne om Per Sivle og diktinga hans i nynorskens skog.

– Per Sivle må få seg eit tre i nynorskens skog, for diktinga hans har gjeve gode vendingar som har glede inn i språket, forklarer Urdal med stor innleving om kvifor Sivle fortener eit tre i nynorskens skog.

– Ei stor ære

– Det er ei utruleg stor ære å få prisen, det er verkeleg inspirerande, seier Sele. Ho fortel at «Berre ein hund» av Per Sivle har betydd mykje for henne.

– Det første avsnittet i denne boka er eit av yndlingsavsnitta mine i litteraturen. Dette er både på grunn av verdisynet som kjem til uttrykk, og fordi språket i denne boka er heilt fantastisk, meiner Sele. Ho føler seg ekstra heidra av å ha fått prisen av Sivle-laget, av di ho meiner laget viser at dei set pris på det skrivne ord og god nynorsk.

Artikkeltags