Kari Traa er «Årets nynorskbrukar»

Artikkelen er over 11 år gammel

Kulekøyraren og forretningskvinna Kari Traa frå Voss vart under opningshøgtida for Dei Nynorske Festspela onsdag kveld tildelt prisen som «Årets nynorskbrukar».

DEL

Styret i Nynorsk kultursentrum deler kvart år ut prisen «Årets nynorskbrukar», både for å heidre faktisk utført arbeid og for å stimulere til meir av same slaget.

Dei har vedteke at prisen blir tildelt personar eller institusjonar som har synt evne til å bryte med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk, som gjennom sitt føredøme eller praktiske arbeid gjer det lettare å vere nynorskbrukar, eller som skaper større allmenn forståing for nynorsk.

50 000 og kunst
Prisen blei delt ut første gongen under opningshøgtida for Ivar Aasen-tunet i 2000. I år deler dei ut prisen for sjuande gong. Frå i år er prisen 50 000 kroner pluss eit unikt grafisk trykk av Arne Nøst.

Tale på Aasentunet
I talen til Kari Traa sa Oddvar Haugland, styreleiar Nynorsk kultursentrum, mellom anna følgjande:

Årets nynorskbrukar 2006 er fødd i 1974. Innanfor si idrettsgrein har vedkomande vunne OL-medalje i alle valørar, 37 verdscuprenn og ni noregsmeisterskap. Sjølv er denne idrettsutøvaren likevel mest stolt av å ha stilt til start i samtlege verdscuprenn like frå 1998 til det siste vinteren 2006. Ein slik idrettsutøvar vil alltid media ha sin del av. Det er ikkje blitt færre oppslag av å ha eit medietekke langt over snittet. At idrettsutøvarar i alle dei år held på talemålet sitt, er ingen prestasjon i dagens Noreg. Det er nesten så vi ventar det skal smelle på ein eller annan dialekt når utøvarane kjem ut av skogane, bort frå sletta eller ned frå kulen og stig opp på sigerspallen.

Det er når tv-lampene er slått av, blitzregnet har stilna og yrkeskvardagen tek til at nokon kvar blir sett på ein prøve. Årets nynorskbrukar lanserte i 2003 ein forretningsidé som har vist seg å bere og som no sysselset mange medarbeidarar både i heimbygda og i hovudstaden. Marknaden er internasjonal, og på nettstaden går det i engelsk, tysk, fransk og norsk, der norsk tyder nynorsk. Dermed kan sjølv dei mest minimale plagg seljast utan at tråden heim raknar. I eit idrettsmiljø meir prega av spenninga mellom det hippe, urbane og det tøffe, naturlege er det rett og slett stas å sjå at nokon er med og gjer nynorsk til ein sjølvsagd del av kvardagen også der Norges Idrettsforbund knapt nok er komen fram til startstreken.

Årets nynorskbrukar har vist at den som er seg sjølv, kan nå heilt til topps. Difor har styret i Nynorsk kultursentrum har gjort dette vedtaket:

Prisen Årets nynorskbrukar 2006 går til Kari Traa, Voss/Oslo, for hennar bruk av nynorsk i ei næringsverksemd som både via nettstaden www.karitraa.com og elles når ut til særleg yngre grupper og miljø, og som er med og formar framtida for nynorskbrukarane.

Artikkeltags