– Jølster bør kjøpe Apneseth-samlinga

Oddleiv Apneseth (biletet) brukte eitt år på å fotografere jølstringar.

Oddleiv Apneseth (biletet) brukte eitt år på å fotografere jølstringar. Foto:

Av
Artikkelen er over 11 år gammel

– Jølster kommune bør sikre seg Oddleif Apneseth si unike fotosamling, seier Dagunn Klakegg i Førde. Men Jølster-ordføraren tvilar sterkt på om kommunen har råd.

DEL

Som medlem av Bergen kunstlag er ho oppteken av kunst, men også kjend som ein engasjert samfunnsdebattant og initiativtakar til Senioruniversitetet i Førde.

Ho er sikker på at Jølster kommune vil angre om dei lar sjansen gå ifrå seg til å sikre seg Apneseth sin fotodokumentasjon av jølstringane.

Stor kunst

– Eg er sikker på at dette er fotokunst som vil stå seg for ettertida. Apneseth er dyktig. Dette er stor kunst, og eit biletet av samtida, seier Klakegg.

Ho tykkjer det er flott at Apneseth fekk Jølster sin omdømmepris for 2009, og minner om ordføraren sine ord: «Han har gjort menneske og dagleglivet i Jølster om til eit kulturminne, til kunst». Dette bør vel vere ei erklæring som fortel at kommunen bør vurdere å sikre samlinga som ein dokumentasjon frå vårt århundre, meiner Klakegg.

– Jølster har rike tradisjonar når det gjeld kunst. Det er nok å nemne namn som Nikolai Astrup og Ludvik Eikås. Og bygda har teke vare på kunsten deira, gjennom mellom anna Astruptunet og Eikåsgalleriet.

Speglar notida

– Men dette er fortidas kunstuttrykk. Oddleif Apneseth speglar notida. Difor er det viktig for Jølster at denne kunsten vert teken vare på og samlinga halden intakt, seier Klakegg.

Ho miner det ikkje er behov for eit dyrt kunstbygg.

– Bileta bør kunne lånast ut til til dømes skular, aldersheimar og andre offentlege rom der folk ferdast. For desse bileta vil kunne få stor verdi for generasjonar framover, seier Klakegg.

– Og blir dette eit for tungt løft for kommunekassen åleine, vil eg tru det er mogeleg å finne sponsorar, både bedrifter og private som ser verdien av å bevare denne heilt unike kunstsamlinga både i samtida og for sine etterkomarar, seier Dagunn Klakegg.

Tvilar på kjøp

Ordførar i Jølster, Gerd Dvergsdal, tvilar på at kommunen kjem til å sikre seg heile fotosamlinga.

- Eg er klar over at samlinga er unik. Det hadde ikkje vore meg i mot at Jølster kommune eigde den. Men det hadde kosta oss millionar, seier ordføraren.

Ho legg til at dei har sikra seg biletet Apneseth tok av kommunestyret.

Artikkeltags