Eit stykkje fordi Ramstad Eskefabrikk i Angedalen, nærare bestemt på Furebø, vart ein gamal bautastein retta opp att onsdag ettermiddag, etter å ha sige over på sida.

I samband med opprettinga tok fylkesarkeolog Berit Gjerland prøvar frå jord under bautsteinen, og meiner mykje kan tyde på at det bautasteinen står på ei gamal høvdinggrav frå jarnalderen.

Røysa er ikkje utgravd, og Gjerland vil analysere dei organiske funna. Ho trur grava er kring 1 500 år gamal.