Ho song så dommarane grein

Oselie Henden (10) sin versjon av "The Prayer " gjekk rett heim.

Oselie Henden (10) sin versjon av "The Prayer " gjekk rett heim. Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

– Det var fantastisk! Vi sat med tårer i auga, seier juryleiar om Oselie Henden (10).

DEL

Heile helga står ungdom på scena under Ungdommens Kulturmønstring (UKM) si fylkesmønstring i Førdehuset. Første framsyning gjekk av stabelen klokka 13 laurdag, og ei av dei som prøvde seg var Oselie Henden (10) frå Eid.

Då ho song "The Prayer", som for folk flest er kjent gjennom Celine Dion og Andrea Bocelli sin duett, vart publikum så imponert at dei braut ut i storstilt klapp midt i innslaget.

Også juryen smelta av Oselie si framføring.

– Ho tok oss totalt på senga. Det var nesten det sterkaste til no, men dessverre er ho for ung til å bli send vidare. Vi vart heilt fortvila, seier juryleiar Helena Bremer.

For å bli sendt vidare til landsmønstringa må ein vere 12 år, opplyser Bremer.

Lært av mor
Oselie synest det gjekk betre i dag, enn på den lokale mønstringa. Ho er spesielt glad i å opptre.

– Eg melde meg på fordi eg likar godt å synge. Det er kjekt å opptre. Viss publikum er glade, er eg glad. Eg håpar dei synest eg syng fint, seier Oselie etter framføringa.

– Det var veldig kjekt å stå på scena. Før eg gjekk på var eg dritnervøs, men når eg på scena går det fint. Når eg går av vil eg berre på ein gong til!

Songen har ho valt ut saman med mamma Jannicke Hagen Henden.

– Mamma viser meg songar, og så seier eg om eg likar den. Så vi bestemmer i lag. Viss mamma er glad, er eg glad. Det er ho som har lært meg å synge, og ho er veldig flink og, fortel 10-åringen.

Mange ballar i lufta
Heime har dei to mikrofonar der Oselie og ein av brørne brukar å synge med playback. Men det er ikkje berre song som står i fokus hos 10-åringen.

– Eg driv med skiskyting og fotball også. Men no er skisesongen over, så då kan eg synge. Eg har berre øvd i tre dagar.

No gjenstår tre framsyninga til i løpet av helga. Juryen består av Helena Bremer, Vegard Fimland, Jessica Ann Venø, Thea Hjelmeland, Bjørn Berge og Karina Siegmund. Søndag kveld vert det annonsert kven som går vidare til landsmønstringa i Larvik i juni.

Sjå bildeserie frå første framsyning: Glimt frå UKM Fylkesmønstringa .

Artikkeltags