– Her skal det spyttast og skålast!

Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

Edle, kvite dropar under lupa i mjølkesmakings-kurs

DEL

Smakar mjølk alltid mjølk, eller har jordsmonn, dyrevelferd og fôr noko å seie for korleis den smakar?

Smaksprøver og blindtesting

Om du lurer på dette, kan du få svar under Rundballefestivalen i Fjærland siste helga i august.

Då er det nemleg duka for mjølkesmakingkurs.

Mjølkesmakinga er lagt opp som eit praktisk kurs med smaksprøver og blindtesting.

– Så her skal det både spyttast og skolast mellom prøvane! Du lærer kva god mjølk skal smake, og kva smakar ein ikkje vil ha, fortel arrangørane og legg til at mjølkesmaking er ein vitskap.

Kårar bygdas beste mjølk

Seinare vil Fjærland si beste mjølk kåra av publikum, og då får publikum vere med å kåre vinnaren.

– Etter det vi kjenner til har det aldri før vore arrangert kurs i mjølkesmaking, og Rundballefestivalen konstaterer nøgd at ein nok ein gong bringer nye tankar inn i landbruksdebatten.

Kurset er eit samarbeid mellom festivalen og Tine.

Artikkeltags