Gratis julesong frå <br/> The Foggy Few

Av
Artikkelen er over 14 år gammel

I dag lanserer The Foggy Few sin julesong «Was it Yule». Vil du høyre songen?

DEL

The Foggy Few har djupe røter i Sogn og Fjordane og i irsk gladmusikk.

I dag legg dei ut julesongen «Was it Yule» på heimesida si, til gratis nedlasting for alle interesserte.

Songen finn du ved å gå inn på thefoggyfew.com.

Det er Halvard Lunde frå Holmedal som har laga både tekst og melodi.

Atle-Hjørn Øien frå Stårheim skildrar songen som seriøs, men med ein underfundig undertone.

– Songen gir heilt klart julestemning. Men som alt Halvard Lunde har handa om er det også eit snev av humor i den.

Om det blir ein slager gjenstår å sjå. Det kjem mellom anna an på kor mange som går inn på heimesida vår for å høyre på eller laste ned songen, seier Øien.

Artikkeltags