«Bad Santa» kjem til Breim, men ikkje før til sommaren

TIL BREIM: Billy Bob "Bad Santa" Thornton kjem til Breim med bandet sitt The Boxmasters.

TIL BREIM: Billy Bob "Bad Santa" Thornton kjem til Breim med bandet sitt The Boxmasters. Foto:

Amerikanske Billy Bob Thornton er kanskje mest kjend som skodespelar, men han er også ein habil musikar.

DEL

Norsk Countrytreff melder at dei får besøk av Billy Bob Thornton og The Boxmasters. Dei kjem til Breim den 10. juli.

– Vi byr på ein musikar og eit band litt utanom det vanlege, også i Norsk Countrytreff-regi, skriv dei på Facebook.

Thornton (64) er kjend som skodespelar til dømes i julefilmane «Love Actually» og «Bad Santa», der han spelte høvesvis amerikansk president og uskikkeleg julenisse.

Billy Bob har også gjort seg kjend som den stusslege superskurken Lorne Malvo i TV-serien «Fargo», og som nasjonalhelten Davy Crockett i «Alamo». Han var med i «Monsters Ball», «Armageddon» og mange andre filmar og seriar. Gjennombrotet fekk han med filmen «Sling Blade», der han skreiv manus, regisserte, og spelte hovudrolla. For denne filmen fekk han jamvel ein Oscar.

Han var gift med skodespelar Angelina Jolie frå 2000 til 2003.

Har gitt ut fire plater

Som nemnt er han ein habil musikar, og har gitt ut fire album.

Thornton er vokalist og sporadisk trommeslagar i bandet The Boxmasters. Musikken deira blir karakterisert som amerikaniserte versjonar av britiske popsongar. Dei har og gitt ut ei country-aktig juleplate.

Så står det att å sjå om dei vil spele julesongar i juli i Breim.

Andre artistar som er annonsert til neste års festival er mellom anna Hellbillies, Carlene Carter, Gunslingers, Get Rhythm, The Kody Norris Show, Mighty Magnolias, Pat Reedy & The Longtime Goners, Cajun Gumbo og Longhorn. Publikumsfavoritten Vassendgutane kjem også.


Artikkeltags

Kommentarer til denne saken