Gir kunst til påstått terrororganisasjon

Dette verket av Slettemark heiter "HizbOLAgutt 3", og kostar kr. 4.000 hos Galleri Pingvin.

Dette verket av Slettemark heiter "HizbOLAgutt 3", og kostar kr. 4.000 hos Galleri Pingvin. Foto:

Av
Artikkelen er over 13 år gammel

Kjartan Slettemark samanliknar libanesiske Hizbollah med den norske motstandsrørsla.

DEL

Den sjiamuslimske organisasjonen er på terrorlistene hos blant anna USA, Canada, Storbritannia, Nederland og Israel.


Portrett av leiaren

Torsdag fekk organisasjonen som har både ein politisk og ein væpna fløy, overrekt ein heil biletserie frå Naustdals-kunstnaren Kjartan Slettemark.

På eitt av bileta har Slettermark manipulert inn sine eigne ansiktstrekk i eit portrett av Hizbollah-leiaren Hassan Nasrallah.

Slettemark som i samband med sin 75-årsdag i august blir heidra med den 5 meter høge budeiestatuen i Naustdal, avviser at han støttar ein terrororganisasjon.


- Ingen terrororganisasjon

– Det er like mykje terroristar på den andre sida. Eg tenkjer på at eg vil gi mi støtte til den motstandsrørsla som er der, og som eg har opplevd i Norge, seier 74-åringen som samanliknar den libanesiske organisasjonen med norsk motstandsrørsle under Den andre verdskrigen.

Kunsten blir overrekt av sjukepleiar og medlem av Den norske Palestina-komiteen, Venke Aaretun frå Lærdal.

– Eg er litt spent på reaksjonen. Eg skal freiste å forklare kva den norske kunstnaren har sagt. At det er ein hyllest, seier ho til dagbladet.no.

Verka til Slettemark har vore utstilte i Galleri Pingvin i Oslo sidan 6. juni.

Artikkeltags