Gaup snusar på Randi Førsunds filmmanus

Av
Artikkelen er over 13 år gammel

Nils Gaup har fatta interesse for Randi Førsunds vikingfilmmanus der handlinga er lagt til Sogn.

DEL

Sidan 1999 har Randi Førsund (32) kjempa for å få filmatisert manuset «Hemnen». No har «Veiviseren»-regissøren Nils Gaup fatta interesse for prosjektet.

Frå før har Førsund fått den islandske regissøren Fridrik Thor med på laget til det som skal bli ein storslått vikingfilm med Sogn som bakteppe.

Gaup: - Opplagt spennande

– Sogn er fenomenal og storslegen. Og perfekt for det spennande filmmanuset seier den tidlegare Oscar-nominerte Gaup til Sogn Avis.

Han har lese Førsunds manus, og vil møte henne i løpet av februar.

– Hovudpersonen Gunnhild er veldig interessant. At handlinga er lagt til den fascinerande naturen i Sogn, gjer ikkje prosjektet mindre interessant.

Nils Gaup meiner filmens sjeldne karakter gjer den ekstra interessant, men legg ikkje skjul på at det må jobbast både med manus og ikkje minst finansiering.

– Vi har ikkje mange av denne typen filmprosjekt. Prosjektet er heilt opplagt spennande, seier regissøren til Sogn Avis.

100 mill.



Prosjektet er kostnadsrekna til 100 millionar kroner. Ein gjennomsnittleg norsk spelefilm i 2006 hadde budsjett på rundt 20 millionar kroner.

Kor vidt Gaup blir med vidare, vil han ikkje slå fast før har møtt Førsund i Oslo. Men manusforfattaren sjølv har stor tru på at dei finn kjemien.

– Vi får sjå om vi tolkar kvarandre, akkurat det trur eg skal gå bra, seier Førsund som er oppvaksen i Hyllestad og busett i Årdal.

Ho har så langt møtt liten økonomisk vilje til filmprosjektet lokalt. Uteblir denne, også med ein eventuell Gaup på laget, ser ho føre seg å flytte innspelinga.

– Då skriv eg om manus og legg handlinga til ein annan fjord, seier Førsund til Sogn Avis.




Tidlegare vikingfilmar frå Sogn:

  • I 1972 kom dreiv det amerikanske selskapet Walt Disney filminnspeling på Finden i Sogn i samband med ein vikingfilm. 14 dagar med opptak resulterte i ein liten sekvens i den ferdige spelefilmen.
  • I 1957 spelte Kirk Douglas hovudrolla i ein Hollywood-produsert vikingfilm. Handlinga var meint lagt til Sogn, men filmen vart spelt inn i Hardanger.

    Kjelde: Fylkesleksikonet, Nrk

Artikkeltags