Frykt og begjær i intim opera

Tosca-oppsetjing på Åmot gard.

Tosca-oppsetjing på Åmot gard. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Venninnene Lillian Smelvær Olstad (31) og Dagrun Kristine Reiakvam (29) gjesta operaen Tosca på Åmot gard, fredag. - Dramatisk og levande, skildrar dei.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Låven på Åmot gard var stappfull av publikummarar då fleire vidgjetne operasongarar entra scena, fredag. Operaen Tosca hausta lovord frå både kjennarar og nybyrjarar. - Men inntrykka må nok fordøyast litt, ler Lillian Smelvær Olstad. Ho hadde sitt første møte med sjangeren denne dagen, og sit att med fleire inntrykk.

Dramatisk og levande

- Det er svært dramatisk og levande. Du får skodespelarane heilt innpå deg, og ser kvar eit andletsuttrykk, fortel ho. Både Lillian og venninna Dagrun Kristine Reiakvam er einige i at det var kjekt å prøve ein ny musikksjanger. Dei ante ikkje kva dei kunne vente seg, men tykkjer besøket har gjort inntrykk.

- Mektige stemmer

- Det er utruleg kva dei får til - utan mikrofon. Kvar einaste skodespelar har stemmekrafta til eit heilt kor, samstemmer dei.

- Det er fascinerande. Opera er til vanleg noko ein zappar innom på NRK3, men dette var jammen noko heilt anna, legg Dagrun Kristine til.

Artikkeltags