– Tonane krabba opp frå jorda, skogane og fjella

Skandinavisk folkemusikk i storformat opna den tjuesjuande utgåva av Førdefestivalen.
Publisert

– Vi er heime i Norden. Det fantastiske Norden. Norden som ber klangen som vi har i mellomgolvet, men som likevel er så fullt av ulike klangar, ulike lydar, ulike tonar.

Stortingspresident Olemic Thommessen opna Førdefestivalen med ein storslått og poetisk tale:

– Frå Island sitt magre, skogfrie landskap, til dei finske djupe skogane. Vi veit vi er der – i Norden; Der tonane har vakse fram, frå slit i bondejord, frå tømmerhoggaren, frå sjømannen som utfordra havet. Alle bar klangane med seg. Og kanskje er det finaste ved det heile, at som tonane krabba opp frå jorda, skogane og fjella, så visste tonen at tonen ville over fjellet og treffe klangen frå den andre sida, og leike med klangen. Og tonane vandra. Songane vandra. Klangane vandra. Nok til å harmonere og vere i eitt, men ulike nok til å alltid styrke kvarandre til nye, og nye, og atter nye perspektiv.

OPNA KONSERTEN: Olemic Thommessen fekk æra av å offisielt opne Førdefestivalen.

OPNA KONSERTEN: Olemic Thommessen fekk æra av å offisielt opne Førdefestivalen. Foto:

Klangen av Norden

Årets tema for Førdefestivalen er «Klangen av Norden» eller «Nordic sounds».

Opningskonserten er Førdefestivalen sitt største enkeltprosjekt nokon sinne; 40 folkemusikarar, 4 komponistar og 8 solistar stod saman på scena i idrettshallen i Førdehuset som eitt samla nordisk orkester.

JOIK: – For meg er joik folkemusikk. På grunn av joik får eg reise rundt i verda og oppleve nye kulturar, seier vokalist Ulla Pirttijärvi-Länsman i ein introduksjonsfilm på lerretet.

JOIK: – For meg er joik folkemusikk. På grunn av joik får eg reise rundt i verda og oppleve nye kulturar, seier vokalist Ulla Pirttijärvi-Länsman i ein introduksjonsfilm på lerretet. Foto:

FELEFLØRT: Det var god kjemi blant alle felene på kveldens konsert.

FELEFLØRT: Det var god kjemi blant alle felene på kveldens konsert. Foto:

LOKKA PÅ KYRA: Kyr på storskjerm, nakne tonar, bjelleklang i orkesteret og felespel. Lena Willemark lokka på kyra med sine songar.

LOKKA PÅ KYRA: Kyr på storskjerm, nakne tonar, bjelleklang i orkesteret og felespel. Lena Willemark lokka på kyra med sine songar. Foto:

Musikalske innslag med felespel, nyckelharpe og joik var blant den tradisjonelle folkemusikken som musikarar frå Norge, Sverige, Finland og Danmark, framførte i ny drakt til ein fullsett sal.

– Om det finst ein nordisk klang? Heilt klart! Men mest av alt så handlar det om kommunikasjon, seier svenske Karl-Johan Ankarblom i eit videoinnslag på lerretet.

Ankarblom leia orkesteret gjennom den to timar lange konserten, og er eitt av dei heitaste namna i Norden når det gjeld arrangering og orkestrering.

– Draumen vart verkeleg

STORPRODUKSJON: 40 folkemusikarar, 4 komponistar og 8 solistar innan den nordiske folkemusikktradisjonen stod på ei og same scene.

STORPRODUKSJON: 40 folkemusikarar, 4 komponistar og 8 solistar innan den nordiske folkemusikktradisjonen stod på ei og same scene. Foto:

 
APPLAUS: Det vart ståande applaus etter publikum hadde fått høyre klangen av Norden.

APPLAUS: Det vart ståande applaus etter publikum hadde fått høyre klangen av Norden. Foto:

Etter musikarane hadde sørga for at publikum hadde trampa i takt med den tradisjonelle folkemusikken i to timar, var det spesielt ei dame som var i ekstase:

– Åh! Draumen vart verkeleg. Eg har framleis gåsehud. Eg visste at det kom til å gå bra, men ikkje at det skulle bli så fantastisk. Eg er så stolt, seier festivaldirektør Hilde Bjørkum.

– Det var så mektig når musikarane drog til, og nydeleg når dei tok det heilt ned. Det var breidde og variasjon. Eg er så glad for at vi våga å sette i gang med dette store prosjektet, seier Bjørkum.

For dette prosjektet med «Nordic Sound Folk Orchestra» er heilt nytt og spesielt.

– Ingen har gjort det her før. Det publikum har fått oppleve i kveld er heilt unikt, seier Bjørkum.

Artikkeltags