DEBATT: Når evneløyse møter tankeflog

MEIR FOLK: – Når det gjeld publikum er vi samde. Meir publikum, både unge og gamle. Når det gjeld opningstider det er ikkje like visst at opning utover vanleg arbeidstid er svaret, skriv Fridtjov Urdal.

MEIR FOLK: – Når det gjeld publikum er vi samde. Meir publikum, både unge og gamle. Når det gjeld opningstider det er ikkje like visst at opning utover vanleg arbeidstid er svaret, skriv Fridtjov Urdal. Foto:

Av
DEL

DebattDet er mangt i Stig Eikaas sitt «Velkommen-innlegg» til den nye direktøren av Kunstmuseet ein kan seia seg samd i. Det er ikkje nytt at mangt tykkjest lettare når ein ser sjå ei løysing utan frå enn innanfrå.

Når det gjeld publikum er vi samde. Meir publikum, både unge og gamle. Når det gjeld opningstider det er ikkje like visst at opning utover vanleg arbeidstid er svaret. Det har gjennom åra vore freista, men det har vore komme til at det kostar meir enn det smakar. Institusjonen lyt arbeida innan dei rammer som tilskot/ løyvingar set.

Museet har likevel så langt det har vore råd, sagt ja til å opna utover vanleg tid. Dette gjeld ikkje berre Førde, men og dei andre stadene i Lærdal, Hornindal og særleg Jølster. Kjem der skuleklassar og andre på ein måndag (det er den dagen musea brukar å vera stengde), så vert det i regelen opna.

Utstillingar står for lenge. Når det gjeld utstillingar så har det sjølvsagt vore å ynskje at takten hadde vore større.

Førde og det naturlege omlandet for museet er ikkje av dei mest folkerike. Det gjer at utstillingane slitest fort.

Basisutstillingar som «Portrett», «Krig fred religion og politikk og sånn», og dei vi no har med «Kropp og sjel» og «I naturen» har vi tankar om at dei skal vera eit tilbod til skulane. Dei jagar vi ikkje gjennom på ein månad eller to. Dei kjem når det høver. Vi har skular som ligg utanfor gangavstand til museet, men dei er sjeldne gjester, dei har ikkje råd til frakt ... At basisutstillingane heng ei tid, heng i hop med at kunstmuseet skal tene heile fylket. Om folk i Førde har sett utstillinga er det ikkje sikkert folk elles i fylket har gjort det. Vi kan ikkje talfeste, men vi har innom folk som nyttar høve når dei først er her i anna ærend.

Sogn og Fjordane kunstmuseum, før dette Fylkesgalleriet i Sogn og Fjordane, er ein ung institusjon. Den faste samlinga speglar dette. Ei rikhaldig samling frå siste halvdel av førre hundreåret og oppover. Mange verk og kunstnarar har denne lokale bindinga, som Eikaas tykkjest rekommandere. Dette gjeld og «Frå likskap og brorskap til fridom» i Eikaasgalleriet. Det gjeld å nytta kva ein har, ikkje å klaga over kva ein ikkje har. Skal vi ha utstillingar med emne frå 1800-talet får vi nok låna inn frå andre institusjonar, og av private. Vi vert nok hjelpte der og.

Tagale idélause og likesæle medarbeidarar: Kvifor skriv vi ikkje i lokalpressa og held føredrag i lokalradioen? Vi har fuska i det faget og lysta er til stades. Morten Svendsen fôr kring i kyrkjene i fylke i hop med reporter og gav folk ei innføring i kyrkjekunst og arkitektur. Der var og ein serie omtale av verk frå samlinga. Liknande agn har vore hengt ut for NRK og aviser. Dessverre har vi ikkje har redaktørmynde i radio eller presse, og kan ikkje tvinge oss til sendetimar og spaltemeter. Like så vel som mange veit kor museum skal drivast, veit vi kor ein skulle drive radio og avis.

Påtrengjande museum. Det var flog over tanken med museal høgtalarbil. Det hadde vore moro fara rundt, og spreidd den glade bodskap inn glasa til folk. Ikkje minst moro inne i bilen. Kom til museet, for elles kjem museet til deg. Slikt er moro til det vert folkeplage. Sidan vi no er på hjul: Nyttigare kunne det vore om musea i Sogn og Fjordane hadde ein buss til frakte til og frå musea. Vi hadde ein gong ein teaterbåt i fylket.

Stig Eikås kan te seg lik stein i skoen. Ein kan sukke og skjere tenner over kva han ikkje veit, om kva vi gjer og ikkje. Men han både tenkjer og trur. Så får det heller vere at han ynskjer oss «ragen under røven» som dei seier i Danmark. Han skal ein hjartans takk for at han bryr seg og for at han gjer det både med vit og humør.

Artikkeltags