Full pupp på russerevy

– Det er slik det skal vere!
Publisert
DEL
Dei ulike sketsjane fekk, nesten, samlause overgangar med eit fengande husband.

Dei ulike sketsjane fekk, nesten, samlause overgangar med eit fengande husband. Foto:

Storesalen i Førdehuset er fylt til randa. Nervøse nittenåringar bak scena, nervøse foreldre i salen. Kva kan dei vente seg?

Årets kull er fødd same år Førde fekk bystatus, og dette vil 19 åringane feire. Urbanrussen frå Hafstad er klare for ein ungdommeleg fest.

Scener frå eit lærarrom

Vi får ein nærare kikk inn på lærarrommet, ein av gjengangarane på ein russerevy.

Sjølv for oss som ikkje er kjend med galleriet får oss ein god latter, og på reaksjonane frå salen skjønar vi at karakterane er tatt på kornet. Når eit saftig knippe av replikkane er faktiske utsegn frå diverse lærarmunnar forstår vi at kvardagen på VGS er alt anna enn keisam.

Med kameraoverføring frå lærarrommet fekk vi sjå kva som eigentleg gjekk føre seg under planlegginga av "Prahaturen".

Med kameraoverføring frå lærarrommet fekk vi sjå kva som eigentleg gjekk føre seg under planlegginga av "Prahaturen". Foto:

Forelska i læraren

... Og moglegvis alle andre mannebein.

Russen er vågale, både på eine og andre måten. At dei heitaste lærarane Hafstad heiter Stein Erik og Halvar er i alle fall ingen løyndom etter at ei scene smekkfull av jenter har erklært sin kjærleik til dei to, men kofferten er så vidt på gløtt- det skal verte atskilleg heitare i kveld.

Om den raude tråden i førestillinga var meint å vere Førde-by, slik den er i dag, så er den i alle fall grundig floka inn i eit nøste av sex, fyll og standard russesjargong.

Lukta av olje rakk heilt ut til publikumsnasen.

Lukta av olje rakk heilt ut til publikumsnasen. Foto:

Lokale chippendales

Kort fortalt; heller ikkje i år slepp scena unna halvnakne gutekroppar dynka i olje. I haust vitja strippegruppa Chippendales kulturhuset, men det er tydeleg at slik import frå USA er heilt overflødig når ein har eit drøss tredjeklassekarar som gladeleg fleksar sixpacken og jukkar seg gjennom nokre dansenummer. Heldigvis var det heile ispedd litt sjølvironi, så lapdancen vart gjennomført badering og svømmebriller.

– Blir du ikkje litt flau? spør eg ei mor i salen.

– Nei, eg synest dei var flinke eg. Det er vel berre slik dei er i denne alderen, svarar ho, nokså diplomatisk.

– Eg vart flau! Skyt yngste dottera inn, ho er der for å sjå storesøster.

– For eg måtte jo sitte ved sida av deg, mamma!

Gode prestasjonar
Dansarane brillierte.

Dansarane brillierte. Foto:

Sjølv om det var hakket meir kropp enn innhald i denne revyen kom det ikkje i vegen for nokre verkeleg gode prestasjonar. Dansenummera vart gjennomførte med presisjon og overtyding, parodiar trefte og fleire songnummer vart servert av imponerande mektige stemmer. Særleg utmerka Fride Roska seg i soloen der ho var på A-lagsjakt. Iført kamuflasje trefte ho blink på alle tonar.

Også innhaldsmessig hadde revygruppa fått med nokre blinkskot. Eit av nummera som var mest allmenngyldig var eit velplassert spark til Firda, der den lettbeinte journalistikken fekk medfart.

Firda vart ikkje skåna frå russen sitt kritiske auge.

Firda vart ikkje skåna frå russen sitt kritiske auge. Foto:

Travle veker
Anja Seljeseth og Idunn Osvoll kan puste letta ut etter travle veker som revysjefar.

Anja Seljeseth og Idunn Osvoll kan puste letta ut etter travle veker som revysjefar. Foto:

– Fju! Det var godt! seier Idunn Osvoll. Ho og Anja Seljeseth har vore revysjefar for heile bøtteballetten.

- Det har vore ganske travelt, og dei siste vekene har vi blitt bombardert med 10.000 spørsmål, men no kan vi puste letta ut, seier Anja.

– Vi var veldig nervøse når vi skulle heisast ned frå taket og inn i opningstale; hugsa den og den å gjere det og det? På eit eller anna tidspunkt måtte vi berre stole på at folk tok ansvar sjølv, vi skal jo berre koordinere og sjefe, ler Idunn.

– Og dei ordna biffen! No er vi utruleg letta, og kjempestolte over prestasjonane til klassekameratane våre. Alle har gjort ein kjempejobb!

Årgang -97 takkar for seg!

Årgang -97 takkar for seg! Foto:

Artikkeltags