- Flatbrysta og målretta

KUNST UTAN ROM: Kring åtte personar har vore med på 8. mars-prosjektet., mellom andre (f.v.): Inghild Sleire, Merete Hol Tefre, Audgunn Naustdal Holsen og Karen Helga Maurstig.

KUNST UTAN ROM: Kring åtte personar har vore med på 8. mars-prosjektet., mellom andre (f.v.): Inghild Sleire, Merete Hol Tefre, Audgunn Naustdal Holsen og Karen Helga Maurstig. Foto:

Av og
Artikkelen er over 7 år gammel

Torsdag 8. mars er den årlege kvinnedagen. Vert det parolar i år mon tru?

DEL

Det er lenge sidan sist. Men på kvinnedagen torsdag kan det faktisk hende du vil få auge på nokre parolar i gatebildet.

«Treng du forkle?» - «Vel du feil, vel omatt» - «Stopp opp litt» - «Sjå» - «Rosa?» - «Bli den du vil»

Nett desse parolane har neppe vore i bruk før på 8. mars. Tradisjonelt har slagorda vore langt meir eintydige og konkrete, men krav om slikt som full barnehagedekking, likeløn og til retten på abort.

Denne gongen ei. Parolane til gruppa Kunst utan rom (KUR) vil korkje krevje noko eller rope ut ei sanning høgt og eintydig. Heller: få deg til å tenkje.

Flatbrysta og målretta

– Eg har aldri klart å marsjere bak ein parole. Det vert for svart-kvitt for meg, seier Audgunn Naustdal Holsen.

– Eg for min del stod på barrikadane i si tid, og var både flatbrysta og målretta! seier Inghild Sleire.

Kunstnarkollegaene Holsen, Sleire, Merete Hol Tefre og Karen Helga Maurstig har litt ulike erfaringar og kjensler når det gjeld kvinnesaka, men for alle fire er den viktig.

I verkstaden til Maurstig i Jølster har dei i nokre dagar jobba med å førebu sitt eige 8. mars-stunt, og diskutert seg fram til nokre felles parolar dei kunne einast om.

Kvar plakat er eit originalt grafisk trykk, laga ved hjelp av bokstavar frå eit nedlagt boktrykkeri i Antwerpen i Belgia. Dei har leika seg med fargar og former for å forsterke innhaldet i kvar enkelt tekst.

Kunst utan rom vart danna i 2010, og består av ei gruppe kunstnarar (mest Førde-baserte) som samarbeider om ulike prosjekt.

Dei bruker ulike rom til å lage kunsten sin - og jobbar dessutan med å skape nye rom for kunst, utanom galleria. I dette tilfellet skal dei nytte seg av byrommet: henge plakatane opp rundt om i byen, der dei finn høvelege vegger. Med eller utan løyve.

Pirka på arbeidsdelinga

Så kva tenkjer dei sjølv om kvinnekamp, og situasjonen til kvinner i dag?

– Mykje har skjedd på nokre få tiår. Eg hugsar tida som lærarstudent på Stord på slutten av sekstitalet. Kvinnene i mitt kull var dei første som tok til å gå med langbukser. Lærarane våre meinte vi nok ville ta til fornufta og slutte ganske raskt! ler Sleire.

Ho jobba aktivt med kvinnekamp på syttitalet, og var med på oppbygginga av krisetelefonen. Også på heimebane vart likestilling mellom kjønna eit viktig tema:

– Eg pirka veldig på arbeidsfordelinga i heimen. Var nitid med å forlange fullstendig likskap. No ser eg at det kan ha vorte litt mykje, seier ho.

– Samstundes som kampen var viktig, vart ting til tider litt unyanserte, trur Holsen.

– I dag bør kampen vende seg meir utover landegrensene - for medsøstrer som står langt svakare enn oss, meiner Merete Hol Tefre.

Men enno er det mykje å kjempe for også her til lands, ser dei: Kvinner tener framleis berre 85 prosent av menn i Norge, jobbar langt meir deltid, vel tradisjonelle kvinneyrke og er underrepresenterte i leiarsjiktet. Og så er det alle dei små, subtile formene for undertrykking som syner seg i kvardagen:

– Eg opplevde til dømes å bli klådd på av ein mann medan eg sov på nattbussen. Slike episodar trur eg mange er borti, seier Maurstig.

Slagorda deira - som kanskje meir liknar på aforismar eller visdomsord - verkar å handle mest om å vere menneske. Om kampen for å halde på sin eigen integritet og verd.

– Eg trur det er det aller viktigaste: å lære seg å tenkje sjølv, og bestemme over seg sjølv. Ikkje berre gjere det andre vil vi skal gjere, seier Maurstig.

Kva meiner du?

Har kvinnedagen framleis ein funksjon i vårt moderne samfunn? Eller har den utspelt si rolle for lengst?

  • Bidra gjerne i kommentarfeltet under saka med dine meiningar, synspunkt og argument.

Artikkeltags