Sunnfjordingen «Gaahl» skapte før helga overskrifter etter å ha støtta kyrkjebrenning i ein tv-dokumentar. Han var nominert i klassen «Metall» som frontfigur i blackmetal-bandet Gorgoroth, men vann ikkje. Årets metallband vart derimot Enslaved.

Les også:

I klassen «Danseorkester» var PK & Dansefolket frå Florø nominert med si nye plate «Heng deg på», i konkurranse med Ole Ivars og Scandinavia. Sistnemnde kan smykke seg med prisen.

Blant «Folkemusikk/gammaldans» var Majorstuen med jølstringen Synnøve Bjørset nominert for plata «Juledrøm». Prisen vart vunnen av gruppa Kvarts.

Trondheimsbaserte The School, med tre bandmedlemmer frå Nordfjordeid var nominert i klassen «Rock». Heller ikkje dei fekk statuett med seg heim, då 120 days tok prisen.