Bjarne ville ikkje på film – no har han blitt dokumentarfilm

SAMSPEL: Filmskapar Weronika Kinga Nitsch måtte jobbe ein del med Bjarne Magnar Sunde for å få han kameravand. Her under innspelinga av filmen.

SAMSPEL: Filmskapar Weronika Kinga Nitsch måtte jobbe ein del med Bjarne Magnar Sunde for å få han kameravand. Her under innspelinga av filmen. Foto:

OLDEN: – Det var ikkje alltid så enkelt, seier filmskaparen, som no håpar å få vist filmen på lokale kinoar.

DEL

Første gong Weronika Kinga Nitsch (36) besøkte Bjarne Magnar Sunde (70) med kamera, var beskjeden klar: Han skulle ikkje filmast. Ho kunne heller filme sauane hans.

Men journaliststudenten var målbevisst, og no er filmen med det passande namnet «Bjarne vil ikke på film» ferdig. Ein 40 minutts dokumentar som let ein bli betre kjent med denne kameraskye 70-åringen.

Sjå traileren til filmen lenger nede i saka.

– Ein fantastisk personlegdom

Hovudpersonen sjølv bur i vesle Oldedalen, og ideen til filmen kom etter kvart som Nitsch vart kjend med han, som nabo.

Ho flytta til Oldedalen for sju år sidan, men vart først nabo med Bjarne noko seinare.

Personlegdomen hans kom raskt fram, og etterkvart tenkte Nitsch at ho ville filme han, og kom ofte på besøk – med kameraet.

Som namnet på filmen tydeleg røper, var ikkje Bjarne særleg innstilt på å bli filma i starten. Snarare tvert imot.

Oldaren Bjarne Magnar Sunde (70) skydde å bli filma som pesten. No har naboen laga dokumentarfilm om han.

– Det var ikkje alltid så enkelt. Men han har blitt ein god ven, og som eit familiemedlem. Han er så ekte, og har stor sjarm. Ein fantastisk personlegdom, seier Nitsch, som filma Bjarne over ein periode på to år.

10.000 visningar på under eit døgn

Filmen er ifølgje ho sjølv ein film om to veldig ulike mennesker, som etterkvart byrja å trivast veldig godt i lag. Så godt at Bjarne etterkvart gløymde kameraet.

Traileren vart lagt ut på Facebook-sida til filmen torsdag kveld, og fredag ettermiddag har den allereie 10.000 visningar.

– Det var veldig gledeleg, og eg vart svært overraska over kor mange som har likt traileren, og som vil sjå filmen, seier ho.

Ein prøveversjon vart vist fram på Gulrotfestivalen i Olden i sommar, og vart godt motteke der. No er dokumentaren ferdigredigert, med musikk og redigering av Alexander Vollevik Larsen. I tillegg har ho fått hjelp til dronefoto frå Dag Indrebø.

Kino og filmfestivalar

Målet er no å få vist fram filmen på filmfestivalar, både i Norge og utlandet. Nitsch håpar også at den skal kunne bli vist på lokale kinoar.

For hennar eigen del har filmprosjektet også blitt så stort, at ho ser føre seg at det blir hennar masteroppgåve på journalistikkstudiet i Volda, som ho no går på på siste året.

– Kino og filmfestivalar ... Korleis blir det for ein mann som ikkje vil på film?

– Haha! Eg har faktisk vist eit lite filmklipp av Bjarne på ein filmfestival tidlegare, kalla «Bjarne begraver Lykke». Så han har faktisk vore på den raude løparen før. Eg håpar han vil bli vant med det, seier filmskaparen.

Artikkeltags