Grotle fekk klump i halsen av filmen om Førde

SUKSESS: Både filmskaparen og Olve Grotle vart tydeleg gripne under talen etter premieren.

SUKSESS: Både filmskaparen og Olve Grotle vart tydeleg gripne under talen etter premieren. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

KULTUR: Førde-publikumet vart rørt og underheldt av filmen om 20-år gamle Førde by

DEL

– Det er ein film som gjer deg endå meir glad i Førde, den dyrkar den positive patriotismen vi har byrja å få i den unge vesle byen vår, seier ordførar Olve Grotle, som ikkje legg skjul på at filmen gjekk inn på han.

– Det er ikkje ofte eg får klump i halsen, men det fekk eg av denne filmen.

Hans Jakob Reite og resten av filmteamet bak Førdefilmen «Frå Sjøhola til Sjukehuset» gjekk på scena til ståande applaus frå ein tettpakka kinosal då filmen var ferdig. Der fekk dei blomster og ros frå ein rørt Førde-ordførar.

Lo godt

Lovorda var ikkje vanskelege å finne då publikum strøyma ut av storsalen i Førdehuset.

– Vi elska den, seier Janne Leithe saman med resten av følget sitt. Dei er kjapt samde.

Leithe, som er avdelingsdirektør ved Kunstmuseet, er på premieren i følge med både sjefen for Førdehuset og direktøren for Førdefestivalen. Førdes kulturelite, spøkar dei, og ler godt.

NØGD KULTURELITE: Frå venstre: Festivaldirektør for Førdefestivalen Hilde Bjørkum, avdelingsdirektør Sogn og Fjordane Kunstmuseum Janne Leithe, Kari Bengtsson, og kulturleiar i Førde kommune Johan Bengtsson.

NØGD KULTURELITE: Frå venstre: Festivaldirektør for Førdefestivalen Hilde Bjørkum, avdelingsdirektør Sogn og Fjordane Kunstmuseum Janne Leithe, Kari Bengtsson, og kulturleiar i Førde kommune Johan Bengtsson. Foto:

– Det var imponerande, og ein god raud tråd gjennom heile filmen, seier festivaldirektør Hilde Bjørkum.

Dei er godt nøgde med det dei meiner er ein lærerik og morosam film om byen.

Ordførar Grotle beit seg spesielt merke i historia om Førdes gamle, svært sentrumsnære flyplass.

– Eg lo godt da eg fekk sjå at ein i si tid kunne bygge flyplass på Øyrane, mens no får vi kjeft over ei lita bru, seier Grotle, og viser til den mykje omtalte «klagemuren».

– Førde sjokkerer igjen

– Det var overraskande bra, seier ingeniørstudentane Lars Engø (25) og Simon Grøtta (20) i kor etter premieren.

Dei to ungdommane var med på å dra ned snittalderen i Førdehuset måndag kveld. Engø har ikkje vore førdianar i meir enn to år, då han flytta frå Tønsberg grunna stidiar, men fortel at han har komme for å bli.

– Eg har forelska meg i Førde, og fått eit sterkt inntrykk av at Førde er ein kulturby. Etter kveldens film vart det inntrykket berre sterkare, seier Engø.

– Førde sjokkerer igjen på den biten, legg han til.

POSITIVT OVERRASKA: – Det var overraskande kor mykje historie dei klarte å få med i filmen, seier Simon Grøtta (t.h.) Her saman med kompis Lars Engø.

POSITIVT OVERRASKA: – Det var overraskande kor mykje historie dei klarte å få med i filmen, seier Simon Grøtta (t.h.) Her saman med kompis Lars Engø. Foto:

– Det var på ein uventa god måte dei presenterte filmen på. Eg hadde aldri forventa ein så stor produksjonskapasitet, skyt Grøtta inn, som er frå Kvammen i Askvoll.

På fritida driv Engø med terrengsykling, som skaffa han nokre sekund på lerretet som ein vågal syklist ned bystien.

– Filmteamet kontakta ein ven av meg som er ein aktiv syklist i Førde, og spurde om vi ville vere med. Først var vi ganske skeptiske til stuntet, då det ikkje er berre å sykle ned dei trappene. Men det vart ganske kult, seier Engø.

Sjølv om dei begge rosar filmen og historia opp i skyene, er det ein relevant ting dei meiner manglar.

– Dei burde hatt noko om høgskulen med. Det har jo ein stor tilknyting til sjukehuset, og har vorte ein vesentleg del av Førde, seier Grøtta.

Artikkeltags