Med eit bunadskledd brudefølgje på kring 65 personar på slep, skal Kristine Mardal frå Sandane og Ole Vegard Hage frå Utvik vere kveldens brudepar i festforestillinga til ære for 70-årsjubilantane Kong Harald og dronning Sonja..

Vidare skal tre unge kvedarar frå Hornindal synge ut si hylling til kongeparet. Marie Haugen (11), Kristine Kroken (11) og Kristoffer Haugen (13) skal syne for heile landet kva tradisjonar Sogn og Fjordane har å by på, skriv fylkeskommunen i ei pressemelding.

Deltakarane, som kjem frå mange kommunar i Sogn og Fjordane, er ein sentral del av alle dei 19 fylka si folkegåve til kongeparet. Gåva er ei stor festforestilling i Oslo rådhus sett saman og regissert av velkjende Bentein Baardson. Forestillinga går av stabelen fredag 23. februar og vert sendt i opptak på TV2 same kveld.

- Det er ei stor glede for Sogn og Fjordane fylkeskommune å kunne vere med å hylle kongeparet på denne måten. Eg er overtydd om at dei vil få ei nær og god oppleving av fylket vårt på denne måten. Eg trur kongeparet vil bli imponert over det dei får sjå, seier fylkesordførar Nils R. Sandal

Under TV-sendinga skal kvart fylke presenterast med ein videosnutt på kring 30 sekund. I samarbeid med NRK Sogn og Fjordane, har fylkeskommunen plukka ut bilete som skal gje kongeparet eit flott inntrykk av fylket.

Både kong Harald og dronning Sonja fyller 70 i år. Kongen 21. februar, og dronninga 4. juli.

Samtlege ordførarar i fylket er inviterte til å delta i den offisielle feieringa av kongeparet sine bursdagar, som blir halden av Oslo kommune.