Får litt av æra for «Lift me»

Matias Monsen frå forlik har komme til forlik med Madrugada.

Matias Monsen frå forlik har komme til forlik med Madrugada. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Matias Monsen frå Florø har komme til forlik med Madrugada.

DEL

Madrugada gjorde saman med Ane Brun låten «Lift me» til ein av dei mest spelte på norsk radio siste tiåret.

I februar stemna Matias Monsen frå Florø Madrugada for retten, og krevde medopphavsrett til «Lift me».

Samde to dagar før rettssak
Monsen, som no er busett i Bergen, står bak fiolinpartiet i låten i den versjonen som vart spelt inn med Ane Brun i 2005.

- Min klient opplever det slik at bidraget hans er med på å definere låtens identitet. Slik vi ser det, gjer det han til medopphavsrettshavar til den innspelte versjonen, sa Monsens advokat, Thomas Rieber-Mohn til avisa Kapital sist månad.

Saka skulle opp i Oslo tingrett tysdag 6. mars, men no er det mykje som tyder på at Monsen blir medlåtskrivar, skriv Bergensavisen.

- Partane vart forlikte to dagar før vi skulle møtast i Oslo tingrett. Dette er ikkje uvanleg. For når datoen nærmar seg, er det lettare å komme til semje for å unngå rettsleg konflikt, seier advokat Thomas Rieber-Mohn til Bergensavisen.

Tono-inntekter
Verken Rieber-Mohn eller Madrugadas advokat Pedro Fasting kan eller vil seie noko om innhaldet i avtalen.

Ifølgje Bergensavisen er det likevel god grunn til å tru at Monsen har fått innfridd dei fleste av krava sine, slik at han for all framtid blir kreditert som medlåtskrivar på «Lift Me».

Dette vil også gje han inntekter frå Tono-ordninga, som sikrar opphavspersonane til ein låt eit lite vederlag kvar gong låten blir kringkasta.

Artikkeltags