Erna Osland blir festspeldiktar

Av
Artikkelen er over 11 år gammel

Forfattaren Erna Osland frå Høyanger blir festspeldiktar under Dei Nynorske Festspela 2007.

DEL

– Eg synest det er ærefullt å bli spurt og inspirerande å få oppdraget som festspeldiktar, seier Erna Osland som tek over stafettpinnen etter Olaug Nilssen frå Førde.

Festspillene i Bergen

I 2004 blei Osland den første reindyrka barnebokforfattaren som kunne smykke seg med tittelen festspeldiktar for Festspillene i Bergen. No er 55 åringen, som opphaveleg kjem frå Høyanger, men er busett Masfjorden i Hordaland, klar for Dei Nynorske Festspela i Ivar Aasen-tunet i Ørsta neste år.

– Det er viktig og rett av festspelarrangørane å fokusere på barnelitteratur. For at bruken av nynorsk skal bli styrkt, er eg er overbevist om at barna må lese det, like det og få eit naturleg og godt forhold til det tidleg, seier festspeldiktaren.

Bragepris

Førebels er både ho og arrangøren Nynorsk kultursentrum berre på idéstadiet, men begge er innstilte på å gi publikum både det dei ventar og noko som overraskar.

Osland debuterte i 1987 med ungdomsromanen «Natteramnen» og har etter det skrive meir enn 30 bøker for barn, ungdom og vaksne. Osland har skrive noveller, romanar, skodespel, sakprosa og ein teikneserie om Ivar Aasen. I 1999 vann ho både Brageprisen og Kritikarprisen for barneboka «Salamanderryttaren».

Festspeldiktarar 1994–2007:

1994: Kjartan Fløgstad

1995: Halldis Moren Vesaas

1996: Paal-Helge Haugen

1997: Ragnar Hovland

1998: Jon Fosse

1999: Åse-Marie Nesse

2000: Rune Belsvik

2001: Brit Bildøen

2002: Einar Økland

2003: Marie Takvam

2004: Frode Grytten

2005: Edvard Hoem

2006: Olaug Nilssen

2007: Erna Osland

Artikkeltags