Antipave til Nordfjordeid i sommar

Artikkelen er over 2 år gammel

KULTUR: Det svenske hardrock-bandet Ghost er kanskje vel så mykje kjende for sceneshowet og kostymene sine som for musikken. I sommar kan du oppleve begge deler på Malakoff.

DEL

Musikkfestivalen på Nordfjordeid har lansert årets hovudattraksjon. Det svenske bandet Ghost har blitt svært kjende for å levere blytung hardrock iført pave- og kardinaluniformer, eller ein antipave – om du vil, og liksminke. Showet er såleis ein stor del av opplevinga.

I 2016 fekk dei Grammypris i kategorien beste metall.

– Når dei kardinalkledde svenskane entrar Malakoffscena i sommarmørket og i magiske vestlandske festivalomgjevnader vert ikkje det noko mindre enn ei episk oppleving, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal i ei pressemelding.

Festivalen skriv vidare at konserten passar for dei som frydar seg over hard og innovativ heavy metal i ei unik visuell ramme.

Lauritzen kjem

Det legendariske norske bandet Gåte, har atter ein gong stått opp frå nedlegging, og gjestar årets festival. Dei spelar ein blanding av norsk folkemusikk og rock.

Elles kan ein oppleve australske Wolfmother, det norske rockebandet Gluecifer og den svenske songaren og låtskrivaren Thåström. Rap- og hiphopinnslaga kjem mellom anna frå nykommaren Unge Ferrari, dei litt meir erfarne sunnmøringane i Side Brok, og fylkets eigen Kjartan Lauritzen.

Thulsa Doom, Sløtface og I am K kjem også. 

Artikkeltags