«Eg er óg fråfallen - men på ein annan måte»

Jan Olav Fretland.

Jan Olav Fretland. Foto:

Artikkelen er over 10 år gammel

Førsteamanuensis og tidlegare mållagsleiar, Jan Olav Fretland svarar på forfattar Jung Tjønn sitt farvel til nynorsken.

DEL

Forfattar og journalist Brynjulf Jung Tjønn frå Vik sa farvel til nynorsken i ein kronikk i Aftenposten 16. april. Han grunngav det med nynorsken sjølv, og at kvardagen krev bokmål for ein journalist.

– Eg er òg ein fråfallen, men på ein annan måte, skriv tidlegare leiar i Noregs Mållag, førsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Jan Olav Fretland i eit debattinnlegg i Aftenposten.


Like sterk i trua

– Trua på nynorsken er minst like sterk som før. Me treng meir enn nokosinne eit skriftspråk som er bygt på dei norske dialektane, eit norsk språk, ungt og friskt, godt verktøy for tanken og ei motvekt mot floskelvelde og tungt kansellimål. Men, som Tjønn, har eg meiningar om korleis språkforma bør sjå ut, skriv Fretland.


Må ha éin normal

– Eg trur at tida for sideformer er over, og at me må ha éin normal, med avgrensa valfridom i rettskriving og bøying og stor fridom i ordvalet. Undersøkingar syner at det i praksis finst det somme kallar ein midtlinenormal, som er brukt mykje både i offentleg styringsverk, i mange aviser og av røynde nynorskskribentar. Ei innstramming må ta utgangspunkt i denne, ikkje formaliserte, men mykje brukte norma, meiner Fretland.

Artikkeltags