Eldrid Lunden vann Norges største poesipris

VINNAR: Her får Eldrid Lunden tildelt prisen av Fredrik Høyer, som er Norgesmeister i Slampoesi. Lunden er den sjuande i rekka som får Triztan Vindtorns poesipris.

VINNAR: Her får Eldrid Lunden tildelt prisen av Fredrik Høyer, som er Norgesmeister i Slampoesi. Lunden er den sjuande i rekka som får Triztan Vindtorns poesipris. Foto:

Forfattaren som vaks opp i Naustdal vart torsdag tildelt Triztan Vindtorns poesipris i Drammen.

DEL

Prisen er etablert av Drammen kommune i samarbeid med Aschehoug forlag og Den norske Forfatterforeningen, og er på 100.000 kroner. Prisen vart først delt ut i 2013, og blir kvart år delt ut til ein norsk forfattar som har gjort ein stor innsats for norsk poesi.

Denne innsatsen meinte juryen Lunden har gjort, med si diktsamling «Det er berre eit spørsmål om tid».

Torsdag vart forfattaren heidra med prisen under verdas poesidag på Drammensbiblioteket.

I tillegg til å vinne den prestisjetunge prisen, har forfattaren også frå før blitt nominert til Nordisk Råds litteraturpris 2019.

Artikkeltags