Ei gruppe kunstnarar frå Tyskland held denne veka på med å dekkje ein vegg på Transplant-bygget i Dale med graffiti.

Graffiti-kunsten er ein del av temaet «Growth» (vekst) ei kunstutstilling på Transplant som varer i perioden 29. februar til 31. august.

Eitt av fire tema

Dei tyske kunstnarane i Klub 7 skal denne veka dekkje ein vegg som er tre meter høg og åtte meter lang med graffiti. I løpet av perioden utstillinga varer er det andre kunstnarar som skal føye til eller erstatte det som Klub 7 har skapt.

«Growth» inngår som det andre av fire tema i serien «The Cycle of Mutation». Det første og avslutta temaet i serien er «Emergence», som handlar om opphavet til alt. Etter «Growth» kjem «Maturation» (modning), før det heile vert avslutta med temaet «Disapperance» (forsvinning).

Livssyklusen

Tanken bak serien «Cycle of Mutation» er å ta for seg dei ulike fasane i evolusjons- eller livssyklusen.

Kunstnarane som deltek under temaet «Growth» er Klub 7, skulpturkunstnaren Paul Lewthwaite frå England, animasjonskunstnaren Marius Watz frå Norge, illustrasjonskunstnaren Geneviève Gauckler frå Frankrike, collagekunstnaren Are Mokkelbost frå Norge, fotografen Marco Godhino frå Portugal og forfattaren Tomas Espedal frå Norge.