Då går artistane på scena

Straumnettet i Sentrum Sør vert utsett for store belastningar når Dum Dum Boys spelar under Sommarfesten i Førde.

Straumnettet i Sentrum Sør vert utsett for store belastningar når Dum Dum Boys spelar under Sommarfesten i Førde. Foto:

Artikkelen er over 9 år gammel

Eventsjefen meiner rekkjefølgja på artistane under Sommarfesten gir seg sjølv.

DEL

Dum Dum Boys er det største trekkplasteret blant artistane under Sommarfesten i Førde, og avsluttar konsertkvelden frå midnatt og utover.

Førdesangen for første gong

Sommarfesten startar konsertkvelden med to lokale innslag.

– Vi håper på å kunne presentere Samora og den nye Førdesangen laurdag, og det vil skje rundt klokka 20. Like etter går Aventyr på scena, seier eventsjef Anne Oline Gullaksen i Reisemål Sunnfjord.

Aldri tvil

Ho meiner rekkjefølgja for dei andre artistane gir seg sjølv, og det har aldri vore nokon tvil om at Dum Dum Boys skulle avslutte kvelden.

– Dum Dum Boys går ikkje på scena etter nokon andre, slik er det berre. At September When spelar etter Ida Maria har å gjere med at dei har vore lengst i gamet, seier Gullaksen.

Ho legg ikkje skjul på at det er Ida Maria ho sjølv gler seg mest til å høyre.

Tidspunkta for artistane

Dette er tidene for når artistane går på scena under Sommarfesten laurdag.

Rundt klokka 20: Samora med Førdesangen.

Like etter klokka 20: Aventyr

Klokka 21: Ida Maria

Klokka 22.30: September When

Midnatt: Dum Dum Boys

Artikkeltags