– Ungdommen og den oppveksten vi kan gi dei unge, er heilt avgjerande for kva dei vil drive med seinare. Difor satsar vi på entreprenørskap og næring heilt frå dei er små, sa Reiel Felde, då han saman med andre bygdefolk i føremiddag tok imot fylkesprisen for idérike bygdesamfunn.
Prisen som vart overrekt under fylkestingseta på Hermansverk, blir tildelt m.a. for dugnadsånda og det breie engasjementet som pregar Breimsbygda.
I grunngjevinga peikar juryen spesielt på bygdeutviklingslaget sitt engasjement for bygd, skule og entreprenørskap.
– Eitt døme er elevbedrifta Natur, kultur og media ved Gloppen ungdomsskule, som har teke i bruk digital formidling gjennom fylkeskommunen sitt Geoatlas, sa juryleiar Kjartan Longva (Ap), før fylkesordførar Nils R. Sandal (Sp) overrekte prisen.