Gå til sidens hovedinnhold

Budeia blir ferdig i tide

Artikkelen er over 13 år gammel

«Budeia» skal stå ferdig til avduking på Sanden 5. august, lovar ordførar Jan Herstad.

– Målsettinga er at Budeia skal vere klar til 5. august, difor måtte produksjonen av skulpturen starte no, seier Herstad.

Sjølve skulpturen vil koste 350 000 kroner, og sjølv om dei ikkje har alle pengane enno, reknar Herstad med at det vil ordne seg. Ikkje minst fordi det også er sett i gang ei kronerulling i bygda.

– Heile anlegget med Kjartanroser og steingardar rundt Budeia kjem nok ikkje på plass til 5. august, det får vi ta etter kvart. Det viktige er at Budeia, sjølve symbolet, blir ferdig til denne dagen, seier ordføraren.

Blir ferdig

Budeia-prosjektet er tenkt finansiert hovudsakleg med sponsormidlar, men det har gått tregt med å få inn pengar. Av eit budsjett på 1,5 millionar har det så langt kome inn ca. 300 000 kroner.

Det har difor vore tvil om Budeia ville stå ferdig til Kjartan Slettemarks 75-årsdag.

– Det er det ingen grunn til. Budeia er under produksjon og blir ferdig i tide, seier Herstad.

Det er Sunnfjord Industri og Sveiseservice som skal lage budeiekroppen i syrefast, rustfritt stål. Overdelen blir i aluminium og hovudet i glasfiber. Den øvste delen av skulpturen skal snu seg etter vinden, på same vis som ein vêrhane.

Kulokk

Slettemark fyller 75 år 6. august, og avdukinga av Budeia blir eit hovudpunkt i markeringa. Det skjer på ein folkefest på Sanden 5. august.

Det er meininga at kallinga på kyrne skal tone ut frå skulpturen kvar kveld i mjølketida. Slettemark har sjølv spelt inn kulokken i studio i Stockholm, der han bur.