Brynjulf har skrive sitt siste nynorskord

Brynjulf Jung Tjønn

Brynjulf Jung Tjønn Foto:

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

«Eg har bestemt meg. Eg vil skiljast. Eller «skilles», som det snart vil heite på hovudmålet mitt.»

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Med desse orda takkar sogningen, forfattaren og journalisten Brynjulf Jung Tjønn (27) for seg som nynorskmann i ein kronikk i Aftenposten onsdag.

Grundig gjennomtenkt

Oppvaksen i Feios i Vik kommune og med utprega sognemål i tidlege år har Brynjulf Jung Tjønn hatt eit kjært forhold til nynorsken.

«Det er ikkje lett å ta farvel med noko eg har eit nært forhold til over mange år. Ei skilsmisse er ei drastisk handling, men vert sjeldan gjort utan grunn. Og i mitt tilfelle er det grundig gjennomtenkt», skriv forfattaren som debuterte med boka «Eg kom for å elske» på Samlaget i 2002. Han gav også ut ei diktsamling i 2001.

I mai er han igjen bokaktuell, denne gongen på Cappelen Damm forlag med boka «Lyden av noen som dør».

Språkleg forvirra

Alt på internatskulen på Sygna vidaregåande i Balestrand, i møte med bokmålselevar frå heile landet, byrja den språklege forvirringa, fortel Tjønn i den personlege kronikken.

Etter vikarjobbar i Sogn Avis og NRK Sogn og Fjordane fann han igjen att nynorsken, men då han for seks årsidan busette seg i Oslo vart det igjen vanskeleg.

Vikarjobbing i VG, og seinare jobb i NRK har fått tvilen til å spire. Den nye boka, som er skrive på nynorsk, blir den siste i Ivar Aasen si and.

Forstår nynorsk «hatet»

«Når eg skriv fiksjon, vert problema større. Arbeidet med den nye romanen har vore ein anstrengt prosess. 111 boksider på nynorsk, men der forfattaren sjølv har vore usikker på kva som er lov og forbode.»

Tjønn har derfor lagt seg på heilt opp til ytterpunkta, godkjent i klammeform. «Noko» har blitt til «noe», «tidleg» har blitt «tidlig». Fordi, som han sjølv seier det, det er slik han snakkar i daglegtale.

«Når nynorsk er så vanskeleg for meg som lever av språket som journalist og forfattar, har eg stor forståing for at norsk skuleungdom kan «hate» nynorsken. (..) «Lyden av noen som dør» er mi siste bok på nynorsk. Jeg har herved tatt ut skilsmisse og erklært offisielt farvel til nynorsken».

Artikkeltags