Men etter eitt år i rampelyset er ho ikkje lei:

- Eg får kick framføre kamera, og eg nyt kvart sekund av livet. Eg er takksam, men klar for å ta steget vidare ut i verda. No er eg klar for Asia.

Ho smiler, og stikk tunga ut av munnen. Ler litt og kastar på det krøllete håret. Tone Damli Aaberge (17) frå Sogndal elskar å stå framføre kamera, og meiner livet er akkurat like «Bliss» som på plata hennar.

- Ser det ok ut slik, eller skal eg sitje meir slik, spør ho og riggar seg til i vindaugskarmen i kantina på EMI, plateselskapet som famna om henne då ho trudde ho ikkje ville få gje ut plate.

Over 30.000 har kjøpt plata hennar «Bliss», som betyr intens lukke.

- Eg vart heilt fantastisk glad, og tenkte at dette er mitt livs sjanse. Det var likssom heilt utruleg.

Auga får stjernedryss, og munnen dekker nesten heile andletet i det store smilet.

- Eg er jo berre 17 år, og det er ikkje alle som får gje ut plate. Nei, eg er berre så utruleg stolt og glad.


LES VIDARE:

- Neste side (2 av 6)

- Her kan du møte Tone i 2006

- Sjå siste året til Tone i bilete
- Høyr og sjå musikkvideoen «Bliss»