Fire av heltane har gått bort sidan Rune starta bokprosjektet

Rune Fossum Lillesvangstu er forfattar av boka «50 idrettsheltar frå Sogn og Fjordane». Den blir lansert laurdag.

Rune Fossum Lillesvangstu er forfattar av boka «50 idrettsheltar frå Sogn og Fjordane». Den blir lansert laurdag. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

KULTUR: Boka om dei 50 største idrettsprofilane i fylket blir lansert i helga.

DEL

I samband med boka har forfattar Rune Fossum Lillesvangstu lagt vekt på å treffe så mange som mogleg av idrettsprofilane personleg, og vedgår at han i ettertid sit att med sterke minner. Ikkje minst det faktum av fire av dei 50 idrettsheltane som er omtala har gått bort medan skrive-prosessen har halde på.

– Eg er spesielt glad for at eg fekk eit nært møte med mange av «den gylne årgangen». Dessverre har fire av desse (Arne Haukås, Knus «Bossen» Osnes, Kjellfred Weum og Håkon Fimland) alle gått bort etter at eg fekk møte dei. Men i samråd med familiane har vi vald å publisere stoffet slik det låg føre etter at eg hadde intervjua dei. Stoffet var opplese og godkjent, og det ville vere feil å endre på dette i ettertid. Noko familiane også har sett pris på, seier Fossum Lillesvangstu om møta med mange av desse idrettsprofilane.

– Eg føler eg meg veldig privilegert som har fått sjansen til å skrive historiene om mange av dei største idrettsheltane vi har og har hatt her i fylket. Eg har fått eit innblikk i kva drivkrefter desse idrettsprofilane har hatt, og mange av dei har ein unik bakgrunn, seier Fossum Lillesvangstu om bokprosjektet han har halde på med i to og eit halvt år.

No kan han puste letta ut:

– Ja, det har vore to og eit halvt år med mykje arbeid. Og stort sett gjennom heile døgnet har tankane rundt dette bokprosjektet svirra rundt i hovudet, seier han.

Jobbar i NRK

For tida er Rune Fossum Lillesvangstu tilsett i NRK, og han understrekar at velvilje frå arbeidsgjevar har vore ein føresetnad for at boka er realisert.

– Det heile starta jo eigentleg med ordinært journalistisk arbeid for NRK. Eg las ei bok av den norske langrenns-forfattaren Thor Gotaas, då eg plutseleg kom over ei sterk historie om ein sogning ved namn Arne Haukås. Han hadde ein svært alvorleg sjukdom i beina som 11-åring, og ingen hadde av den grunn tankar på at han skulle kunne hevde seg fysisk. Men med ukueleg vilje og struktur, tok Haukås steg for steg, og var den første vestlendingen som sette spor i langrennsløypene. Han var nær å få plass i den norske troppen til OL i 1956, og har gått opp løypa for mange av dei andre store profilane vi har fått seinare i denne idretten, seier Fossum Lillesvangstu engasjert.

Han har sett strek på 50 idrettsheltar, men vedgår at det var vanskeleg å stoppe opp då.

– I utgangspunktet tenkte eg at 20 idrettsheltar var nok. Men då eg fordjupa meg i idrettshistoria i fylket oppdaga eg raskt at 20 ikkje på noko måte var tilstrekkeleg. Når det er sagt, så er kanskje heller ikkje 50 det. For det finst eit utal med spennande idrettshistorier også blant dei som ikkje har komme med i denne boka, seier forfattaren og viser til at han måtte avgrense utvalet til utøvarar innanfor dei olympiske øvingane.

– Dessutan måtte eg ha med skyting, då dette har vore ein svært stor og viktig sport i Sogn og Fjordane. Vi har dessutan hatt mange skyttarkongar, og har markert oss sterkt på dette området, seier Fossum.

Gått bort

Han har gjennom heile prosessen vore oppteken av å finne dei spennande historiene og langt på veg styre unna dei sportslege resultata.

– Idretten står svært sterkt i Sogn og Fjordane, og vi har hatt ei rad med profilar som har markert seg blant dei beste i verda. Eg kan berre ramse opp namn som Anders Fannemel, Tarjei Bø, Odd-Bjørn Hjelmeset, Johannes Thingnes Bø, Margunn Haugenes og Kjerstin Boge Solås. Dette er alle idrettsutøvarar som har stått på toppen av sigerspallen internasjonalt. Og dei kjem alle frå eit lite fylke som Sogn og Fjordane. Berre det i seg sjølv er unikt, seier Fossum Lillesvangstu.

Opplag på 2000

Det er Selja Forlag som er utgjevar av boka, og den blir trykt opp i 2000 eksemplar.

– Eg håpar at boka i tillegg til å fortelje dei unike historiene, også skal kunne stå fram som viktig dokumentasjon for idretten i Sogn og Fjordane. Og ut frå tilbakemeldingane som eg allereie har fått, så er det mange som har tenkt å gje denne som julegåva. For meg personleg betyr det mest at historiene til desse unike idrettsprofilane no er mellom to permar, og at vi i framtida kan lære noko om kva krefter som dreiv dei fram, seier Fossum Lillesvangstu.

Og forfattaren har på direkte spørsmål lite lyst til å rangere utøvarane opp mot kvarandre.

– Det er nesten umogleg å måle idrettsfolk opp mot kvarandre. Det er kanskje ikkje riktig å gjere det heller. Det kan fort bli veldig subjektivt. Men no kan lesarane sjølv ta stilling til dette og gjere seg opp sine eigne meiningar, avsluttar forfattaren.

Artikkeltags