Berre 17 prosent nynorsk i staten

Av
Artikkelen er over 11 år gammel

Av 51.000 trykte sider med dokument som har gått frå Regjeringa til Stortinget sidan 2001, er berre 17,3 prosent på nynorsk. No trugar kulturministeren med «sanksjonar av meir negativ karakter».

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

– I løpet av eit par år bør ein ha kome så langt at det store fleirtalet av statsorgan kan dokumentera minst 25 prosent nynorsk, heiter det i innstillinga frå familie– og kulturkomiteen til saka «Om målbruk i offentleg teneste», som blei behandla i Stortinget i går, torsdag.

– Er dette realistisk i eit perspektiv på berre to år fram i tid?

– Ja, eg trur det er lenge nok, sett i samanheng med dei andre tiltaka vi no set i verk, blant anna språkkonsulenttenesta og oppryddinga på dei statlege internettsidene, seier saksordførar Erling Sande (Sp) frå Sogn og Fjordane.

– Dessutan trur eg det er viktig å følgje nøye opp kvart einaste år framover. Og skjer det ikkje noko positivt, så får vi ta i bruk sanksjonar. På dette punktet er fleirtalet heilt samde.

Berre fire

Berre fire departement greidde minimumskravet på 25 prosent nynorsk i perioden 2001-2005. Dette er Utdannings– og forskingsdepartementet med 53,7 prosent, Landbruks– og matdepartementet med 45,2 prosent, Kultur– og kyrkjedepartementet med 34,2 prosent og Miljøverndepartementet med 32,1 prosent nynorsk.

Verstingane

Forsvarsdepartementet toppar lista over «verstingane», dei som konsekvent bryt mållova kontinuerleg. Forsvarsdepartementet, Helse– og omsorgsdepartementet, Arbeids– og sosialdepartementet, Justis– og politidepartementet og Finansdepartementet har alle saman den siste 4-årsperioden skrive langt under 10 prosent nynorsk i stortingsdokumenta sine.

Ikkje heilsvart

Situasjonen er likevel ikkje så svart som det kan sjå ut til. Totalprosenten på 17,3 er tre prosent meir enn i perioden frå 1997-2000. Dessutan ser det ut til å ha vore ei positiv utvikling gjennom den siste fireårsperioden, frå 14 prosent i 2001 til 19 prosent i 2004. Denne utviklinga har halde fram i 2005, og per 9. desember i fjor var nynorskprosenten for stortingsdokument i 2005 på 21,8 prosent. Det er likevel store variasjonar departementa imellom.

Den dokumenterte framgangen når det gjeld stortingsdokument blir likevel ikkje motsvara av tilsvarande utvikling når det gjeld andre typar informasjon som departementa lagar. Tvert imot registrerer ein markert tilbakegang samanlikna med perioden 1997-2000. Dette omfattar slikt som pressemeldingar, stillingsannonsar og andre kunngjeringar, rundskriv, brosjyrar, høyringsdokument og faste og sporadiske publikasjonar.

Sentrale statsorgan

Når det gjeld sentrale statsorgan under departementsnivå er det store variasjonar i bruken av målformer. Språkrådet har innhenta tal heilt sidan 1994. Lenge var situasjonen nokså stabil med ein prosent på om lag 20. Men i det siste har nynorskprosenten falle dramatisk.

– Dette strekar under behovet for skjerpa tilsynsarbeidet framover, heiter det i stortingsmeldinga.

Når det gjeld statlege nettsider er situasjonen endå verre. Berre 12 av 173 nettstader oppfyller minimumskravet på 25 prosent nynorsk.

– Regjeringa ventar no at alle statlege leiarar tek på seg det ansvaret dei har, og gir eit klart og utvitydig signal om at målbruksreglane heretter skal følgjast til punkt og prikke, heiter det i innstillinga frå familie– og kulturkomiteen.

Artikkeltags