Barneteikning blir skulptur i sentrum

Desse borna har allereie teinkna forslag til ny installasjon i Førde. Olve Grotle med Sofie Vik Søvde (5 1/2), Pål Fidjestøl med Ivar Fidjestøl (3 1/2), pedagogisk leiar i Vieåsen barnehage Ronny Ask med Håvard Vik Søvde (5 1/2) og Yngve Årdal med Karoline Helgås Helleset (5) er i parken for å sjå kvar dei kan plassere installasjonen. Moro er det allereie.

Desse borna har allereie teinkna forslag til ny installasjon i Førde. Olve Grotle med Sofie Vik Søvde (5 1/2), Pål Fidjestøl med Ivar Fidjestøl (3 1/2), pedagogisk leiar i Vieåsen barnehage Ronny Ask med Håvard Vik Søvde (5 1/2) og Yngve Årdal med Karoline Helgås Helleset (5) er i parken for å sjå kvar dei kan plassere installasjonen. Moro er det allereie. Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

No er det berre å få borna til å finne fram kreativiteten. Resultatet kan bli ein eit nytt landemerke i byen.

DEL

Borna skal teikne forslag til korleis ein installasjon i parken i Førde skal sjå ut. Firda skal presentere forslaga på nett og papir, og Sparebankstiftinga skal betale.

Prosjektet «Barnegåva» går ut på å invitere born i fylket til å teikne forslag til utforming av ein installasjon i parken ved Utstillingsplassen i Førde sentrum.

– Det kan vere eit leikeapparat, ein skulptur eller begge delar, forklarar kultursjef i Sparebankstiftinga Pål Fidjestøl, ordførar Olve Grotle og Firda-redaktør Yngve Årdal.

Borna skal teikne

Alle born i Firda sitt nedslagsområde som går i barnehage og barneskule kan delta i konkurransen.

– Eg har teikna ein katt eg, seier Karoline Helgås Helleset (5).

Ho viser fram teikninga og forklarar at den kan bli kjempestor, og at då går det an å klatre på den.

Sofie Vik Søvde og tvillingbroren Håvard (5 1/2) synest også det er moro å teikne. Håvard har laga ein grøn drake, og Sofie ei teikning til ein skulptur. Men i dag er det ikkje så spennande, for på Utstillingsplassen er det sett opp tivoli, og det er der merksemda ligg.

– Synst du det er spennande at det du har teikna kanskje kan bli ein stor skulptur i parken?

– Mm. Sjå, der er tivoli, seier Sofie.

– Det blir veldig spennande kva som kjem inn. Vi ønskjer å lage eit landemerke på barna sine premissar, seier Grotle.

Klar neste sommar

Fidjestøl fortel at ideen til prosjektet kom frå Sparebankstiftinga, og at dei igjen fekk ideen etter å ha sett kva Barnekultursenteret Qulthus i Fredrikstad har fått til då borna der fekk teikne ny parkbenk.

– Dette blir kjempespennande, og planen er at installasjonen skal stå klar til neste sommar, seier Fidjestøl.

Han er veldig spent på korleis installasjonen til slutt blir sjåande ut, og trur kanskje det blir noko heilt nytt, noko ingen har sett før.

– Tanken er også at oppdraget med å lage denne installasjonen, korleis den enn blir sjåande ut, skal gå til handverkarar, kunstnarar eller andre som er heimehøyrande i regionen.

– Vi gler oss veldig til å sjå resultatet, seier Fidjestøl.

– Det gjer vi også, stemmer ungane i. For det verkar som det er det dei vaksne vil ha. Sjølve vil dei helst ha tivoli, akkurat no.

Artikkeltags