Gå til sidens hovedinnhold

Anne er flau over bunads-fylket på kongefesten

Artikkelen er over 14 år gammel

– Det er på høg tid å skifte PR-strategi. Det er på tide å tenne eit bunadsbål og slakte eit par fjordingmyter.

– Eg skjønar ikkje kvifor fylket absolutt skal marknadsføre seg som om det var ein kostymekoloni frå fortida.

Dette skriv journalist og student Anne Viken frå Bygstad i eit lesarinnlegg i Firda måndag.

Hardingfele og bunader

Viken som er busett i Oslo reagerer sterkt på det ho kallar ei einsidig marknadsføring av hardingfele, kved og bunader i Sogn og Fjordane sitt bidrag til feiringa av 70-årsjubilanten kong Harald.

Under Oslo kommune sin æresfest for kongeparet fredag kveld sjarmerte brudefølgjet frå Sogn og Fjordane gjestene, med vakkert kved, felespel og vakre bunader. Eit verdig innslag av flinke aktørar, men Viken etterlyser noko meir. Ho vil ha nytenking

- På tide å vakne

– Det er på høg tid å vakne, de som marknadsfører Sogn og Fjordane. De har ingen rett til å tilsmusse fylket sitt rykte med bunadstant og fjas, skriv 27 åringen i sitt flammande innlegg.

Viken som mellom anna skriv for Morgenbladet i hovudstaden, stiller spørsmålsteikn til kvifor ein framstiller fylket i eit 1800-talsbilete, samstundes som debatten rasar om korleis ein skal få ungdommen heim.

– Kva med kultidolet Mariann i Surferosa? Moods of Norway, Nordic Innovatheque i Dale, forfattar Olaug Nilsen, Idol-Tone, for å nemne nokon.

Støtte frå ungdomspolitikar

– Det er på høg tid å marknadsføre Sogn og Fjordane på premissene til målgruppa. Har de jobbar å tilby oss, fortel oss om dei. (...) Skrik det ut før fylket kun består av ei handfull menneske viss einaste tidsfordriv er å sy bunader til kongelege bursdagar, skriv Viken.

Ho får langt på veg støtte hos Kjell Øystein Neteland, leiar i Ungdomspolitisk utval i Sogn og Fjordane.

– Dersom eg hadde vore ein urban Oslo-ungdom som såg Sogn og Fjordanes bidrag under kongefeiringa, ville det nok bygd opp under fordommane mine om dette fylket, seier Neteland til Firda måndag.

Fylkeskulturdirektøren avviser kritikken

Ingebjørg Erikstad avviser kritikken som er komen i kjølvatnet av kongefesten i Oslo.

- Eg oppfattar ikkje det å vise fram vår eigen kultur som negativt. Vi profilar oss med ulike kulturinnslag i ulike samanhengar, så summen av dette er eg trygg på, seier fylkeskulturdirektøren til NRK Sogn og Fjordane.