Gå til sidens hovedinnhold

500 heldt Sande-fest i Fjaler

Artikkelen er over 15 år gammel

Jakob Sande vart grundig feira av rundt 500 bygdefolk i Fjaler fredag. Men både statsråd og anna øvrigheit møtte også opp for å ære kvardagsfolkets diktar, på dagen då han ville fylt hundre år.

Med diktarens syster, Aslaug (93 år i dag, 2. desember), sitjande som heidersgjest på første rad, fekk eit publikum på rundt 500 menneske oppleve ei reise gjennom Sandes univers, der nyare artistar også har løfta tekstane hans over i dagens musikkformer og vist at dei er levedyktige der.

Brukt i regjeringa

Medan sambygdingar som Severine Haugen og Erling Thomassen let tankane gå attende til den Jakob Sande dei husa, gav fornyingsminister Heidi Grande Røys eit overraskande døme på korleis Sandes dikt lever til dagleg bruk den dag i dag:

-Sande har plass også i regjeringa. Seinast i går følte eg behov for å sitere eit par stofer frå «Eg kryp». Eg skal ikkje seie kva sak det galdt, sa SV-statsråden.

Sandes møblar

Sitjande i Jakob Sandes eigne møblar på scenen, heldt NRK-veteranen Erling Lægreid «bokbad» med fylkets samtidsforfattarar Kjartan Hatløy, Arnfinn Kolerud, Eldrid Lunden, Olaug Nilssen, Hans Sande og Maria Tryti Vennerød.

Deretter handla det i ord og tonar heilt og fullt om hundreårsjubilanten, gjennom «Jubelhornets» tradisjonelle Sande-viser, Sande-songar framførte av eit samansett blandakor frå Fjaler, Ragnar Hoves diktlesing, og Margot Sande/Øyvind Lyslos kombinasjon av diktlesing og gitarspel.

Visesongar Hanus G. Johansen frå Færøyane understreka dei såre sidene i Sandes dikting i sine tolkingar. Distriktsmusikarane i Gloppen gav også døme på den nye klangbunaden dei har gitt ei rekkje Sande-tekstar - med versjonen av «Æolsharpa» som noko av det vakraste nye som er laga ut frå Sandes diktig på lange tider.

Sjømannssongar

Ei anna påminning om at mange av Jakob Sandes dikt har tidlause sider ved seg kom frå musikaren og komponisten Rune Klakegg, som har tonsett fleire sjømannsdikt, og som tykkjer han finn ein slektskap mellom Jakob Sandes dikt og Tom Waits' songar om forhutla taparar.

Og medan Rune og Bjørn Klakegg, Jan Olav Renvåg og Lars Klevstand spela og song ramsalte songar om kneipefyll og anger frå den nye cd'en «Sundslegen, herja og naken», skein Fjaler-ordførar Arve Helle som ei sol.

Laurdag kveld er det Førde-folks tur til å oppleve jubileumsprogrammet - som på hundreårskvelden i Fjalerhallen sprengde tidsskjemaet med ein heil time og med fordel kan strammast ein god del inn.

Seinare skal deler av programmet framførast i Oslo, på Ullern vg. skole, der Jakob Sande var lektor i mange år.