158 bilete i ei bok

EIGEN SONG: Oddvar Torsheim vart helsa med sin eigen Beatles-variant "Nynorskens skog" av ein klasse frå Dalen skule i Naustdal.

EIGEN SONG: Oddvar Torsheim vart helsa med sin eigen Beatles-variant "Nynorskens skog" av ein klasse frå Dalen skule i Naustdal. Foto:

Av
Artikkelen er over 10 år gammel

Nye Torsheim-boka lansert i dag.

DEL

Både Førde-kjendisar, kulturinteresserte og skuleborn møtte på Handelshuset Libris i Førde tysdag føremiddag for å vere med på lanseringa av boka Oddvar Torsheim «I nynorskens skog».

Boka samlar 158 av sunnfjordmannens verk som skal, ifølgje Det Norske Samlaget, vere både provoserande, vakre og meiningsfulle illustrasjonar frå ein av landets mest særeigne kunstnarar.

Bileta er henta frå 1950-talet og fram til i dag.

Kunstnaren sjølv vart omringa av folk som ville ha hans velkjende autograf og helsing i boka.

– Dette er stort, smilte Torsheim.

Ein klasse frå Dalen skule i Naustdal stilte i T-skjorter med Torsheim-motiv, las eigne dikt og song Torsheim sin eigen «Nynorskens skog»

Klikk her for å sjå video i større format.

Artikkeltags