Yr.no går ut med farevarsel for området mellom Måløy og Svinøy (like nord for Stad) denne laurdagen. Dei varslar om periodevis liten storm med ein vindstyrke på 22 sekundmeter.
Frå i ettermiddag kjem vinden til å minke til sterk kuling med 22 m/s og på kvelden ned til sterk kuling på 20 m/s. Vinden kjem til å minke endå meir seint på kvelden.
Konsekvensar av slik sterk vind er høge bølger og at sjøen byrjar å rulle. Anbefalinga frå meteorologane er å ikkje reise ut i småbåt.