– Dette er svært positivt, seier Stig Starheim.
Han var ein av mange som reagerte på at morgonruta til Firda Billag frå Førde til Bergen var fjerna. Då Billaget signaliserte at det ikkje var grunnlag for å halde ruta i drift, kalla han det også eit steg tilbake.
Han kom også med kritikk av argumentasjonen som Firda Billag kom med, då dei forsvarte kvifor ein ikkje gjenoppretta ruta.
Røpte seg på Facebook
No er tonen til Starheim ganske annleis. Torsdag sleppte billaget nemleg – om enn litt prematurt – nyheita om at morgonruta kjem tilbake. Dette hintet kom i kommentarfeltet på Facebook knytt til Kai Aage Pedersen sin aviskommentar torsdag kveld. Ein kommentar der han undra seg over kvifor ikkje fleire lytta til samferdslebyråkraten Idar Mo.
«Hei Kai Åge og Firda! Det kjem snart tidlegrute frå Førde til Bergen igjen. Følg med, følg med.» skreiv dagleg leiar Lars Anders Kårstad i Firda Billag Buss AS i kommentarfeltet.
Dette fekk også Starheim med seg. Og sjølv om Billaget ikkje har utdjupa så mange detaljar enno, så er det veldig bra at dei har snudd.
– No håpar vi på meir info om når dette vil skje. Og eg trur mange håpar på at det vil kunne komme allereie i 2023, seier han.
Men morgonruta kjem tilbake, det er lova og stadfesta av billaget fredag morgon.
Starheim trur med det at reisande då vil kunne få mykje meir ut av ei bussreise til Bergen. Han peikar på at ein no kan komme seg på handelsærend, til helsetenester og tilbake same dag.
– Dette er det mange som har hatt eit behov for. Då er det viktig å ha eit godt busstilbod, seier han.
Ønskjer også rute til Trondheim
Og sjølv om han rosar Firda Billag for å ha snudd, så rettar han samstundes blikket nordover. Nærare bestemt mot Trondheim.
– Det er framleis behov for ei samanhengande ekspressrute mellom Førde – Trondheim, og Bergen – Trondheim, seier han.

Meiner tilbodet er for dårleg etter at ekspressbuss forsvann: – Eg er forbanna
– Busselskapet var i starten svært tydelege på at det ikkje var driftsgrunnlag for tidlegruta til Bergen. Det gjeld også alle ekspressrutene; at dei er kommersielle og må finansiere seg sjølve. Er det eit signal no at ein har lukkast å få eit busselskap til å snu?
– Absolutt! Denne saka syner at det nyttar å engasjere seg. At dette vart teke opp i Firda og andre kanalar, det har vore positivt. Men eg synest også at ekspressbussrutene er noko politikarane våre har engasjert seg for lite i. Dette handlar om å gjere distrikta våre til ein god plass å bu. Då har gode samferdsletilbod mykje å seie.
– No når ein har fått morgonruta tilbake: Har folket no ei plikt til å syne at det faktisk er passasjergrunnlag?
– Ja, no får eldre og unge syne at dei nyttar tilbodet. Eg kan ikkje gi garantiar, men eg har ein teori om at når tilbodet er der, så kjem bruken. Det er klart at det er mange brukargrupper som ønskjer morgonruta velkommen tilbake att. Og eg ser ikkje grunn til at det som har fungert tidlegare ikkje skal fungere no, seier Starheim.
Morgonruta til Bergen kjem tilbake

Bussen forsvann. Sat på med vogntogsjåfør for å komme seg til Trondheim
