KrF sin abortskammekrok

Av
Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Snart er det 40 år sidan kvinner i Noreg først fekk retten til sjølvbestemt abort. I klassisk KrF-stil, vart det føreslått i det nye partiprogrammet at kvinne må gjennom ein «obligatorisk refleksjonstid» i opptil to dagar før ein abort kan gjennomførast.

Ikkje eit spontant val

Å foreslå at kvinne treng to dagar refleksjonstid er eit forslag frå ein anna tidsalder. Abort er ikkje noko ein gjer spontant på veg til butikken. Det fungerer rett og slett ikkje sånn at ein køyrer forbi sjukehuset ein dag og tenker; «kanskje eg skulle tatt ein rask abort før eg fer heim»! Det finst allereie ei «refleksjonstid» for dei som skal ta abort, kalla ventetid. Det er eit val kvar enkelt kvinne brukar si eiga tid på å reflektere over.

I skammekroken

48-timar med venting før ein abort vil ikkje hjelpe den jenta som blei valdtatt på fest med det tunge valet sitt, det vil gjere valet ho allereie har tatt vanskelegare. Abort er eit val alle kvinner tar forskjellig, nokre lettare enn andre, men for nokre vil desse to dagane opplevast som å sitte i skammekroken. Gjennom dette forslaget syner KrF haldningar og tankar om abort som ikkje høyrer heime i vår tid, og som ikkje syner ein forståing for den vanskelege situasjonen som mange kvinner finn seg i.

Må vere krystallklare

Det var lurt av KrF å prøve seg på abortrettane igjen etter 8 mars, i staden for før 8.mars slik som for to år sidan da dei prøvde seg med reservasjonsretten. No slapp dei å oppleve sterke kvinner i tog på sjølve kvinnedagen som gjekk imot dei. Vi ser med glede at Erna Solberg stilte seg negativ til forslaget etter litt «tenketid». Likevel er det viktig at vi har politikarar og parti som er krystallklare på kor viktig abortrettar er, og som ikkje prøver å innskrenke desse gjennom reservasjonsrett eller obligatorisk tenketid.

Ja til gode abortrettar for kvinner

Ungdom i Noreg er heldige som kan leve med dei rettane som vart opparbeidd av generasjonane før oss! Men forslag som dette syner kor viktig det er med ein vaken befolkning som ikkje har tenkt til å la ein sånn forakt for kvinne sine sjølvstendige val, som forslaget til det nye partiprogrammet antydar, komme gjennom og truge våre rettar. Vi seier ja til gode abortrettar for kvinner, vi seier ja til ein sunn respekt for kvinner og dei vala som kvinner tar, og vi seier nei til dette verdikonservative forslaget frå KrF!

Artikkeltags