Ein mann og ei kvinne har vorte varetektsfengsla etter at dei førre tysdag vart stoppa av politiet for å køyre for tett opptil bilen framfor – i ein bil full av tjuvegods.

Varer for opp mot 200.000 kroner vart funne i bilen. Her var klede, parfyme og vesker, mesteparten med prislappen framleis på. Mykje av tjuvegodset er av kjende, kostbare merkevarer. Den høgaste prislappen viste 17.000 kroner.

Det var NRK Sogn og Fjordane som først omtala saka.

Mannen og kvinna, som begge er i 20-åra, skal vere svenske statsborgarar, men opphavleg frå andre land. Politiet opplyser at mannen er irakisk, medan kvinna er lys i hud og hår.

Tjuvegods frå halve Norge

Politiet er usikre på om dei har gjort noko tjuveri i Sogn og Fjordane; hittil har dei kopla tjuvegodset til varer som har vorte stolne frå butikkar i Molde og Ålesund. Dessutan har dei to vorte avbilda på butikkar kor det har vore tjuveri i Lillehammer og Kristiansand i dagane før dei vart stoppa i Jølster. Sjølv nektar dei for at det er dei som er avbilda.

– Har de grunn til å tru at dei har tilknyting til eit større nettverk?

– Det veit vi ikkje heilt sikkert. Ting kan tyde på at dei har levert frå seg gods på strekninga mellom Kristiansand og Møre og Romsdal, seier lensmann i Jølster Knut Skurtveit til Firda.

I varetekt

Dei to skal sitte i varetekt fram til 22. desember.

– Vi er interesserte i å få oppklart best mogleg kor gjenstandane er frå for så å sette opp ei tiltale, og så vil vi ta kontakt med svenske myndigheiter, seier Skurtveit.

Lensmannen fortel at strafferamma for vinningskriminalitet er fengsel inntil fleire år, avhengig av storleiken på tjuvegodset, og om dei eventuelt er gamle kjenningar av politiet.