Like før klokka 04 i natt fekk politiet melding om at ein mann i slutten av 20-åra hadde krasja i eit tre på Mona like utanfor Sandane sentrum.

– Det skal berre ha vore ein person i bilen, opplyser operasjonsleiar Mariann Føleide politiet.

Stakk av frå ulykkesstaden

Mannen som køyrde bilen stakk av frå ulykka, men vart seinare funnen av politiet og send til sjukehus for sjekk. Han skal ha vore medviten etter ulykka.

Det skal vere mistanke om køyring i  ruspåverka tilstand, difor er blodprøver tekne  og saka vil verte etterforska.

Bilen fekk fronten inntrykt, og airbagen blei  utløyst i ulykka.