Klokka 02.35 måtte ein utestad i Førde be om assistanse på grunn av ein vanskeleg gjest. Då politiet kom fram til staden hadde gjesten gått for egen maskin.
I Sogndal måtte politiet rykke ut 02.30 laurdag kveld. Eit vindauge hadde blitt røska opp og det var meldt om skadeverk, men ingenting var blitt stole.
Ein rusa mann vart rapportert sovande på ein benk i Førde sentrum. Politiet rykka ut kl. 03.20, men vedkommande hadde vakna og gått sin veg før politiet kom.
Kl. 03.35 fekk politiet melding om at ein rusa person gjekk midt i vegen i Førde. Politipatruljen fann han og køyrde han heim.
Kvelden gjekk mot slutten då politiet fekk melding kl. 03.50 om høg musikk frå eit hus i Førde.
På tampen av kvelden fann politiet ein person som låg i ei grøft. Patruljen hjelpte vedkommande heim.