Båt gjekk på grunn i Sogndal

Ein båt har gått på grunn ved Ylvisåker i Sogndal i natt, seier operasjonsleiar Terje Magnussen.

DEL

Klokka 00:47 i natt blei det meldt at ein båt hadde gått på grunn ved Ylvisåker i Sogndal.

– Den er taua inn til dampskipskaia i Sogndal. Det er mistanke om at båtføraren var rusa, og vi har tatt blodprøve. Det er ein mann i midten av 20-åra, seier operasjonsleiar Terje Magnussen, ved Operasjonssentral Vest.

Politiet hadde fartskontroll to plassar i natt. Den første var på riksveg 15, ved Skårhaug på Eid, frå klokka 23:20 til 01:20 i natt. Der er det 80-sone, og det blei gitt sju forenkla førelegg. Høgaste hastigheit var 113 km/t.

Den andre plassen var Kusslia i Førde. Der er det 60-sone, og politiet stod der fram til 02:34 (uvisst når dei byrja).

– Det blei gitt to forenkla førelegg Kusslia. Høgaste registrerte fart var 85 km/t, fortel Magnussen.

Artikkeltags