Politimann blir sikta for familievald

Artikkelen er over 2 år gammel

KRIM: Påtalemyndigheita siktar no politimannen som har vore under etterforsking for vald i nære relasjonar.

DEL

– Eg har tatt ut sikting mot han for eit forhold for brot av straffelova, paragraf 219, som gjeld mishandling i nære relasjonar.

Det seier Kirsti Hammerø, påtaleansvarleg i Møre og Romsdal politidistrikt til Firda. 

Det er statsadvokaten som tek den endelege avgjerda om kva som skjer vidare:

Strafferamme på fire år

– Det er fleire moglege utfall. Statsadvokaten kan sende saka tilbake for vidare etterforsking før han seinare tek endeleg stilling, eller svaret kan vere at det er grunnlag for påtale, eller at det ikkje er det.

Truleg vil konklusjonen frå Statsadvokaten komme i løpet av eit par veker. 

Strafferamma på vald i nære relasjonar er på fire år.

Det var i april 2016 Firda først omtalte saka om politimannen som var under etterforsking for vald i nære relasjonar.

Seinare kom det fram at politmannen hadde vore under etterforsking for ei liknande sak i 2005. 

Politimannen sin advokat: Valdtektssak bortlagd

Advokaten til politimannen, Mette Yvonne Larsen, seier til Firda at det har komme ei innstilling om tiltale for familievald.

– Vi oppfattar det slik at den eigentlege bakgrunnen for politimeldinga er at det pågår ei barnefordelingssak mellom klienten min og fornærma.

Ho legg til at han har vanleg samvær med barnet.

Fleire andre melde forhold er bortlagde, ifølgje Larsen. Det gjeld mellom anna ei valdtektsetterforsking og etterforsking av andre valdsepisodar. 

– Dette er han sjølvsagt glad for er lagt bort, seier Larsen, som elles ikkje har fleire kommentarar til saka.

Saka tok mykje lengre tid enn venta

Påtaleansvarleg Kirsti Hammerø seier saka har tatt mykje lengre tid enn venta.

– Det kom opp nye opplysningar undervegs som gjorde til at vi måtte sjå alt under eitt. Det gjorde til at saka tok mykje lengre tid enn vi hadde tenkt.

Ei av desse sakene er etterforsking av ei valdtekt som politimannen skal ha gjort mot ein person i nær relasjon. Saka dukka opp under eit avhøyr for eitt år sidan. 

Saka blei lagt bort.

– Når ei sak ligg langt tilbake i tid, er det fare for at det blir forelda.

Les også:  Påtaleleiar på kurs – konklusjon i valdssak sett på vent, Påtaleleiar: – Ønskjer å gjere ei grundig etterforsking og Melde politimann for vald for 17 månadar sidan – ventar framleis på konklusjon i saka

Hammerø fortel om ei krevjande etterforsking.

– Den har vore ressurskrevjande og vi har vore opptatt av å gjere ei grundig etterforsking, seier påtaleansvarleg.

– Det er ikkje ønskeleg at ei sak skal ta så lang tid, korkje for fornærma eller mistenkte. Familievaldssaker er prioriterte saker, seier Hammerø.

Artikkeltags