Arrestert for øl-tjuveri. I lomma hans fann politiet fleire knivar

PRØVDE Å STELE ØL: Ein ung mann vart teken vare på av personalet i butikken til politiet kom og henta han.

PRØVDE Å STELE ØL: Ein ung mann vart teken vare på av personalet i butikken til politiet kom og henta han. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

KRIM: Mannen i 20-åra skal ha forsøkt å stele øl. Dei tilsette ved Coop Extra i Florø tok hand om han, og politiet vart tilkalla kort tid etter.

DEL

Onsdag klokka 17.55 fekk politistasjonen i Florø ei melding frå dei tilsette ved Coop Extra i Florø. Dei kunne fortelje at dei hadde tatt ein ung mann på fersken i å stele øl, og at dei hadde tatt hand om han. Kort tid etter blei han henta av politiet og sett i varetekt.

Det var Firdaposten som først skreiv om saka.

Før eit avhøyr sjekkar politiet at den mistenkte ikkje har på seg noko som kan nyttast til å skade seg sjølv eller andre. Då politiet skulle gjere dette, fann dei knivar i lomma hans.

Ser alvorleg på saka

– Når vi sjekka lommene hans etter pågripinga, fann vi knivar skjult i lomma hans. Det blir oppretta sak for naskeri, og for bæring av kniv på offentleg stad, seier etterforskingsleiar Kjell Magne Barsnes ved Florø politistasjon.

– Er han ein kjenning av politiet?

– Ja, vi er kjent med han, seier Barsnes.

– Ser de alvorleg på ting som naskeri og å bere kniv på offentleg stad?

– Naskeri prøver vi å ta tak i, fordi butikkane mister mykje pengar på grunn av det kvart år. Når det gjeld bæring av kniv på offentleg stad, så er ikkje det eit veldig utbreitt problem, men vi ser alvorleg på det.

Artikkeltags