Viste langfingeren til politibetjent

Mann tiltalt for vald mot kvinne og «utilbørlig atferd» mot politibetjent.

DEL

Mannen i 50-åra må møte i Sogn og Fjordane tingrett 28. august. Han står tiltalt for fire episodar som alle fann stad ein plass i ytre Sogn.

Ei natt i juni i år skal han to gongar ha tatt kvelartak på ei kvinne og slengt ho ned mot golvet. Kvinna skal ha fått vondt i ryggen og blåmerker etter hendinga.

Dagen etterpå, på same adressa, skal mannen ha vist langfingeren til ein politibetjent og sagt «du kan stikke den langt opp i ræva».

For dei som er nysgjerrige, er dette brot på straffeloven paragraf 156 andre ledd:

«For ved skjellsord eller annen utilbørlig atferd å ha forulempet en offentlig tjenestemann under eller på grunn av utføringen av tjenesten.»

Nokre dagar seinare skal den tiltalte mannen ha kontakta den same kvinna utanfor leilegheita hennar, trass besøksforbod.

Mannen står også tiltalt for å ha køyrd bil utan gyldig førarkort, også i juni.

Artikkeltags