Truga kvinne med brødkniv

Artikkelen er over 1 år gammel

KRIM: Mann frå Sunnfjord tiltalt for alvorlege truslar.

DEL

Politiet har tatt ut tiltale mot ein mann i 40-åra, som må møte i Sogn og Fjordane tingrett i desember. Han skal ved fleire høve ha kome med alvorlege truslar mot ei kvinne gjennom 2014 og 2015.

Han skal ha halde brødkniv mot kvinna og sagt at ho hadde fortent at han køyrde kniven i ho, står det i tiltalen. Han har også trua med å banke opp både ho og borna.

Retten ser på truslane som egna til å framkalle alvorleg frykt.

Artikkeltags